Elevsuperbrukere og Surface pro 3 som elevpc

Bakgrunn og mål

Bakgrunn for prosjektet

Mange elever har ikkje den digital kompetanse som er nødvendig i skulekvardagen. IKT-konsulent, e-koordinator og andre lærarar opplever at elever kjem om og om igjen med dei same problemstillingane. Elevane går ofte ut av klasserommet for å få hjelp, og går dermed glipp av undervisning.. I tillegg blir det mykje press på ikt-konsulent og e-koordinator. Lærarane opplever at elever ikkje alltid har god nok kompetanse i å bruke Office- program. Alle desse problemstillingane er med på å hindre arbeid og læring.

Vi vil med dette prosjektet sjå om vi kan få løyst dei fleste problem rund elevpc-ordninga nærast mogleg eleven og dermed i klasserommet. Døme på problem vi vil prøve å få løyst er virus, Malware, komme på nett med BYOD, backup (skylagring), utskrift, og installere programmer som Office, retteprogram Texpilot. Vi vil også auke kompetansen til elevane i bruk av Office programmer.

Mål for prosjektet:

Vi ønsker at elevane våre skal få utvida og auka sin digitale grunnkompetanse og vil gje elevsuperbrukarar ulike kurs for å auka den digitale grunnkompetansen. Denne kunnskapen skal elevsuperbrukarane formidle videre til sine medelever, og dei skal bruke kunnskapen når det er behov for den i klasserommet til å hjelpe medelever. Elevsuperbrukaren skal vera kontaktpersonen til klassen innanfor IKT og digitale verktøy. Dei vil også vera eit bindeledd mellom elevane på skulen og IKT-gruppa. Dei skal melda inn eventuelle opplæringsbehov og utfordringar elevane har knytt til IKT vidare til IKT-gruppa.

I dette prosjektet ønsker vi å bruke nettbrettet Surface Pro 3 som eit verktør til å utvide den digitale grunnkompetansen til elevane. Med eit nettbrett kan ein skrive direkte på skjerm med handskrift, og ein slepp å helda styr på papir. Teikningar og liknande kan lagast direkte på skjermen. Med nettbrett kan det bli enklare å bruke OneNote klassenotatblokk for elevane. Til dømes i matematikk, då dei kan skrive formlar og teikne direkte på si mappe i klassenotatblokka.

Vi ønsker å finne ut om nettbrettet surface pro 3 er eit fornuftig valg for elevar når dei skal gå til anskaffelse av ei BYOD- maskin. Vi vil teste ut om elevane lærer betre dersom dei kan skrive og teikne med penn digitalt, ved hjelp av nettbrett, i staden for med penn og papir. Nettbretta skal gå på rundgang blant elevsuperbrukararane, og med skylagring ved bruk av Office 365 og GAFE, blir det lettare for elevane å bytte om maskiner. Vi vil også teste ut bruk av Office 365 (OneNote Classroom) og gskole med elevsuperbrukarane.

Elevsuperbrukarane skal også hjelpe kvarandre, dersom ein av dei ikkje klarer å hjelpe medeleven kan han/ho få hjelp av andre superbrukarar for å hjelpa medeleven. Elevsuperbrukarane skal dermed også læra av kvarandre.

Vi vil undersøke om det blir større læringsutbytte blant elevane dersom dei har ein elevsuperbrukar i IKT å forholda seg til og dermed lærar av medelevar i staden for IKT-konsulent/e-koordinator.

Vi ønskjer at dette prosjektet skal føre til auka læringstrykk og få vekk ein del hindringar innan pc-bruk i skulen. Elevane skal lære gjennom innkludering og vere ressursar for kvarandre.

Aktiviteter i prosjektet

AktivitetErfaringerFra mnd.Til mnd.
Informere om elevsuperbrukere 01.08.2015 01.10.2015
Oppstart med elevar 01.11.2015 01.11.2015
Kursing – sjå meir info under erfaringer underveis 01.11.2015 01.06.2016
Innkjøp av surface pro 3 med tilbehør 01.01.2016 01.02.2016
Oppstart med surface for elever 01.02.2016 01.02.2016
Oppsummering, evaluering 01.06.2016 01.07.2016

Erfaringer underveis

I slutten av oktober starta vi med ein kort første samling for elevsuperbrukerne. Målet var å skaffe oss ein oversikt over kunnskaper til dei som hadde søkt om å bli elevsuperbruker. Elevsuperbrukerne fekk i oppgåve å få resten av klassen sin til å installere antivirusprogrammet AVAST før neste samling.

9.nov : Kurs i generell bruk av pc :

  • Koble til internett (pc og mobil)
  • Kva skal gjerast om ein ikkje kjem på nett?
  • Skifte passord
  • Utskrift
  • Nedlasting av Office 365
  • AntiVirus program
  • Korleis få program som Spotify til å ikkje starte opp automatisk ved oppstart?
  • Kva skal ein gjera når pcen ikkje virker?

I januar tok vi eit lunsjmøte med elevsuperbrukerne for å finne ut kva elevsuperbrukerne hadde gjort i dei ulike klassane.

1.februar starta 5 elevsuperbrukerer å teste ut Surface pro 3 som elevpc. Elevane får teste ut maskinene i ca ein månad før andre elevsuperbrukerer skal teste dei ut. Tilbakemeldingane så langt er positive. Ting elever peiker på er både at det er ein lett pc å frakte med seg til og frå skulen og at det er praktisk å kunne skrive med penn direkte på skjermen

 

Oppsummering og veien vidare