Vi fekk ipad\\\\\\\\\\\\\\\’ane i slutten av mars (2014), og i startfasen vil lærarane bruke tid på å gjere seg kjend med ipaden og leite opp relevante applikasjonar. Planen er etterkvart å dele erfaringar på prosjektsidene her på digitalskule.no.
19.juni 2014
HTA klassen har hatt avslutning med elevar og
foreldre til stades. Det blei vist trailler og film laga i iMovie, med opptak av elevane sin aktivitet gjennom året. Både foreldre og elevar var svært begeistra!
IPad har vore mykje brukt til å gjere opptak av elevane sin aktivitet på kjøkenet. På desse får læraren også elevane i tale vha. spørsmål.
Førebels erfaringar er at elevane for det første skjerpar seg og blir meir fokusert om det dei skal gjere, og for det andre blir dei meir motiverte, og synest det er spennande å sjå etterpå. Det har også ein pedagogisk effekt å sjå opptaket etterpå og læraren samtalar med eleven om utføringa av aktiviteten.