Pulsklokke

Bakgrunn og mål

  1. Bakgrunn for prosjektet

I den videregåande skulen er det ein del elevar som det er vanskeleg å få til å delta i kroppsøvingsfaget. Det vert langt ned stor innsats frå kroppsøvingslærarane for å få med desse, men framleis har vi nokre elevar vi ikkje har lukkast å få med. Årsaken til at desse elevane vel ikkje å delta i faget er varierte, men vanlege årsaker er sosial angst, angst for ikkje å vere like gode som dei andre, dårlige kondisjon og vegring for å komme i gang, samt skader og sjukdom som gjer det vanskeleg å delta i den ordinære undervisninga. Vi ønskjer å prøve å nå desse elevane ved å bruke pulsklokker. Vi vil då bruke pulsklokker både som ein motivasjonsfaktor overfor elevane, og som ein hjelp til lærarane til å følgje opp og gje vurdering til elevane. Dette gjer det mogleg for lærarane å spesialtilpasse opplegg som desse elevane kan utføre aleine eller saman med nokre få elevar, samstundes som lærarane kan følgje elevane opp og gje dei tilbakemelding og tips underveis i treninga. Ved å bruke pulsklokker i kroppsøvingsfaget vil det også vere enklare å legge opp til at elevane skal få utvikla si digitale kompetanse.

2. Mål

  • Høgre gjennomføringsgrad i kroppsøvingsfaget.
  • Betre tilpassing av kroppsøvingsfaget for elever som ikkje kan delta i alle aktiviteter.

Vi ønskjer å bruke pulsklokker med program som tillater kommunikasjon med IPAD/PC i tilknyting til eigentreningsopplegg for elever i kroppsøvingsfaget. Dette meiner vi vil ha fleire positive effektar som

  • Tilretteleggjing til fysisk aktivitet for elevar som ikkje kan delta i ordinært opplegg pga av skader, dei er under opptrening etter skader, eller dei har fysiske vanskar som hindrar de i å delta i alle aktiviteter
  • Å aktivisere elevar som vel bort den fysiske aktiviteten pga sosial angst og derfor ikkje tør delta i kroppsøving saman med dei andre elevene. Det er viktig å få desse i aktiviteter, og målet er å få opp sjølvkjensla til desse elevene så dei i større grad vil delta saman med dei andre elevene i kroppsøvingsfaget.
  • Å aktiviserer dei elevane som vel bort å delta i kroppsøvingsfaget av ukjent årsak.
  • Å legge tilrette for at elevane kan få utvikle sin digitale kompetanse også i kroppsøvingsfaget.

Aktiviteter i prosjektet

AktivitetErfaringerFra mnd.Til mnd.
Utprøving på kollegaer 01.05.2015 01.08.2015
Oppsummering av erfaringer fra utprøving 01.09.2015 01.10.2015
Registrering av kandidater til pulsklokkeprosjekt 01.09.2015 01.11.2015
Utdelig av pulsklokker til aktuelle elever 01.11.2015 01.01.2016

Erfaringer underveis

Erfaringer underveis er at nokre elevar responderar godt på prosjektet, og blir motivert av å få treningen sin registrert. Det at dei kan trene aleine, samt få tilbakemelding frå lærer digitalt gjev dei ei oppleving av meistring. Andre elever får pulsklokke, men kobler seg ikkje opp mot datamaskin slik at de ikkje får registrert treninga. Desse elevane er i tillegg ofte vanskelig å få i tale, og ein bruker mykje tid på å motivere og få dei til å levere plan for treninga, samt gjennomføre treningsøkter.

Oppsummering og veien vidare

Viser til punktet over når det gjeld elevar som ikkje får vurdering i faget. Vi har pr i dag ikkje sett særleg stor endring/nedgang i elever i denne gruppa. Det me kan sjå er at me som kroppsøvingslærarar får eit svært godt bilete på kor mykje elevane trenar på fritida, dette er i stor hjelp når ein skal vurdere eigentreningsrapporten i tredjeklasse. Me opplev at fleire elevar vert meir motiverte av pulsklokke, og nyttar perioden godt for å bli betre kjendt med eigne ferdigheitar.

Me vil forstsette å bruke pulsklokke i eigentreningsprosjekt i tredje klasse. Då vil ein få inn IKT i undervisning, få mange elevar meir motivert og ikkje minst kunne setje rettferdige vurderingar frå perioden. Ein kan ikkje skryte på seg treningsøkter her.