Nettbrett som kvardagsaktivitet

Bakgrunn og mål

Bakgrunn:

Skulekvardagen vert meir og meir digitalisert, både for elevar, lærarar og andre tilsette.

Hordaland fylkeskommune har laga ein IKT-strategi for opplæringssektoren 2014-2015 der hovedmålet er: «å bidra til å auka læringsutbyte og fullføring ved at alle elevar, lærarara og lærlingar nyttar IKT-verktøy aktivt i lærings- og vurderingsarbeidet.». Hjå oss vil også miljøarbeidarane vera inkludert.

Elevar med særskilt tilrettelagt undervisning har i mange år brukt pc-ar, lånt frå hjelpemiddelsentralen. Dette har vore stasjonære pc-ar, gjerne med trykkskjerm eller joystick. I dag er pc «allemannseige» og det er same krav til alle elevar om å kjøpe pc sjølv. Utviklingen på det digitale området går fort, og etterkvart som nettbrett har kome på banen, er dette no blitt «allemannseige». Nettbrett har heilt andre mulighetar enn ein pc – inkludert dei små bærbare pc-ane. Me ønskjer å finna ut om dette er eit hjelpemiddel som kan inkluderast i skuledagen vår.

Mål:

  •  auka eleven si evne til kommunikasjon og samhandling

 

  • auka eleven si evne til å involvere seg i aktivitetar og stimulere hukommelse;
    1. gjennom appar og andre program
    2. gjennom foto og bildebøker/sosiale historiar

 

  • auka eleven sin mulighet til å påvirke eigen kvardag
    1. lage spelelister til musikk
    2. kalendar/dagplanar
    3. bruke bilde m.m kommunikasjon

 

  • bruke i-padden som verktøy for å ta i bruk rettighetar nokre av dei allereie har, som f.eks låne lydbok for dei som er innmelde i NLB (Norsk LydbokBibliotek).

 

  • normalisere kvardagen for denne elevgruppa med tanke på digitale hjelpemiddel, bruke det som «alle andre» har, både på skule og heime

 

  • auke heile personalet som jobbar i elevgruppa sin digitale kompetanse, både med tanke på å hjelpe elevane og for sin eigen del med lettare tilgjengelighet av digital informasjon.

Praktiske forhold:

Me opprettar ein felles konto til å laste ned/kjøpe appar. Etter tilråding frå Norenes på digitalskule.no, kjøper me verdikort som skal koblast til denne kontoen. Dermed unngår me bruk av privat kridittkort, det vert ryddig økonomi i prosjektet. Spendon-gavekort kjøpt på Narvesen eller Seven-Elleven kan prøvast.

Aktiviteter i prosjektet

AktivitetErfaringerFra mnd.Til mnd.
Innkjøp av nettbrett/utstyr 2014-09-01
Utprøving av appar 2014-09-07 2015-04-30
Opplæring av kollegaer 2014-09-07 2015-05-31
Ta i bruk appar med elevane 2014-09-07 2015-04-30
bruke appar til å lage eigne historiar ved hjelp av tekst, bilde, lyd 2014-10-12 2015-05-31
Evaluering av appar 2015-05-31
skriftleg evaluering av måla for prosjektet 2015-06-05
intern deling av erfaringar på It\'s learning eller andre digitale fora 2014-10-12 2015-05-31
Erfaringsutveksling med andre skular som brukar nettbrett 2015-05-31

Erfaringer underveis

Så er me i gang med nettbrettprosjekt på STO på Bergen tekniske fagskole.

Før sommarferien var me komne godt i gang med å utforme søknaden, rektor bekrefta at skolen ville bidra med midlar, informasjon om prosjektet vart sendt til alle elevar/foreldre med spørsmål om dei kunne stille med eigne nettbrett, helst i-pad og IKT-konsulenten deltok med å finna prisar og andre praktiske opplysningar. Søknaden med rektor si underskrift vart ferdigstilt etter sommarferien, søkanden vart godkjent og dermed var me i gang. I-paddar til alle i personalgruppa + eit lite klassesett til elevar utan eigne brett og litt tilleggsutstyr kom etter rundt månadsskifte august/september.

 

Dette skjedde i september:

Alle i-paddane til personalet har blitt satt opp, alle har fått kome i gang med å bruka internett, mail-appen er kobla opp mot hfk-mail, me tar bilde og slettar bilde. Alle har også lært å legge til nettside på Hjem-skjermen. Alle har hatt framgang med å bruke nettbrett.

Pga oppdatering av IOS svikta nett-tilgangen på HFK-nettet hjå enkelte av oss, men det kom på plass igjen etter nok ei oppdatering.

Me har oppretta ein felles Apple-ID-konto som skal brukast ved kjøp av appar.

Me har kjøpt i-Tunes verdikort på Narvesen og scanna koden inn på ein i-pad til å kjøpe appar og evt sangar eller andre ting. Det finst også tilsvarande kort som gjeld kun i App Store.

På dennen måten kan me handle appar utan å registrere private kredittkort. Det er ein ryddig måte i jobbsamanheng.

Me er ikkje komne så langt at me har handla appar og overført til fleire maskiner. Her er visstnok komne reglar for kor mange maskiner ein kan lastened kjøpte appar.

6 av 8 elevar har fått med eigne nettbrett: 5 i-paddar og 1 Samsungnettbrett.

Ein av lærarane har funne fram ein del gratisappar som alle er enkle å bruke, der det er varierande kva motoriske ferdigheter som kan nyttast; eks trykke og dra.

Alle elevane enten tar bilde sjølv eller får hjelp til å ta bilde med eige nettbrett, eller me fører over bilde frå eit nettbrett eller telefon til eleven sitt nettbrett.

Bilda brukar me foreløpig som dei er og har planar om å lage digitale fotobøker el.l.

Nokre av oss prøver ut foreløpg gratisappar som går på bilde + tekst/tale, me håpar å finne eit program som kan vera lett å bruke for både skole, elevar og heime.

Etter å ha brukt nettbrett i lag med elevane desse få vekene, har me opplevd at for nokre elevar er det greit å bruke saman med hjelpar både til å sjå på bilde og program. Andre elevar er utruleg stolte over sine nettbrett og er veldig motivert for å jobbe med sitt eige brett.

Lærarar og miljøarbeidarar brukar også nettbrettet på jobb. Det er enkelt å lese e-post, søke på youtube, lese aviser o.a. Me er 9 stk i heile personalgruppa, noko opplæring kan gjevast til fleire på ein gong, elles blir det også mykje 1:1 og 1:2.

Me er i gang med å bruka AirDrop til å dele innhald trådlaust, dette er ypperleg for deling av bilde. Me koblar også opp i-pad til trådlaus høgtalar via Blue tooth.

For å lesa om prosjektarbeidet vårt, kan også klikka her – ERFARINGAR

Oppsummering og veien vidare

Skoleåret er ferdig, avdelingen vår er pakka ned og flyttelasset sendt avgårde, prosjektgruppa er «spredd for alle vindar» – og nettbrettprosjektet vårt er over.

Me skulle gjerne ha fortsatt med prosjektet, men avdelingen vår skal flyttast over til Årstad vgs og 3/5 av prosjektgruppa vår får ikkje vera med. Dermed følgjer me den opprinnelege planen med å avslutta prosjektet juni 2015.

Dette har vore både lærerikt og inspirerande for oss i personalet. Me har fått utfordringar på det tekniske, på det pedagogiske, på soft ware, på tålmodighet m.m. – og me har fått god hjelp av it-konsulenten undervegs.

Takk til Digitalskule.no/Hordaland Fylkeskommune og rektor ved Bergen tekniske fagskule som gav oss høve til å vera med på dette prosjektet – og til foreldre som kjøpte nettbrett til elevane.

Kort vurdering av måla våre:

Mål:

  • auka eleven si evne til kommunikasjon og samhandling
  • auka eleven si evne til å involvere seg i aktivitetar og stimulere hukommelse
  1. gjennom appar og andre program,
  2. gjennom foto og bildebøker/sosiale historiar

Mange av elevane har stor glede av nettbrettet til å ta og vise bilde. Dei har ofte nye bilde å vise fram både på skulen og heime. For elevar som ikkje er like ivrige, har personalet lagt til rette for samtale om bilde og hendingar

Mange appar er prøvd ut. Elevane er svært ulike og har ulike utfordingar på kva dei forstår.

Mål:

  • auka eleven sin mulighet til å påvirke eigen kvardag 2.kalendar/dagplanar
  • Elevane ser på og etterliknar både kvarandre og oss i personalet. Me har fått tilbakemelding frå foreldre at elevane er opptatt å vera lik søsken/familie som også har nettbrett. Det er prøvd ut to ulike kalendarar med dagsplan, det er foreløpig kun skulen som har lagt inn tekst og bilde. Bilde til kommunikasjon – her er brukt både foto og ferdige program til begrepslæring.
  • 3.bruke bilde m.m kommunikasjon
  • 1.lage spelelister til musikk

Mål:

  • bruke i-padden som verktøy for å ta i bruk rettighetar nokre av dei allereie har, som f.eks låne lydbok for dei som er innmelde i NLB (Norsk LydbokBibliotek).

Nokre av elevane likar å høyra lydbøker. Med appen lydhør kan dei lasta ned bøker dei likar å lytta til, eks Kardemommeby, Hakkebakkeskogen. Bøkene kan enten streamast eller lastast ned på ipadden for 1 mnd i gangen.

Mål:

  • normalisere kvardagen for denne elevgruppa med tanke på digitale hjelpemiddel, bruke det som «alle andre» har, både på skule og heime

Det er tydeleg at ein del av elevane likar å ha utstyr som alle andre har. Det har fleire foreldra også gitt uttrykk for. Nettbrettet er greit å ha i sekken att og fram mellom skule og heim.

Mål:

  • auke heile personalet som jobbar i elevgruppa sin digitale kompetanse, både med tanke på å hjelpe elevane og for sin eigen del med lettare tilgjengelighet av digital informasjon.

Alle i personalet har auka den digitale kompetansen. Me har brukt eit enkelt spørjeskjema som alle har fylt ut, og tilbakemeldingen er positiv. Det meste av opplæringa har vore kollegabasert i små grupper. Mange av oss brukar nettbrettet til å sjekka e-post, sjekke personalportalen, me lastar opp pdf-filer til ibooks, legg til sider på hjem-skjermen, overfører bilder frå det eine brettet til det andre  via Airdrop. Me koblar nettbrettet via AppleTV til Smartboardet for å sjå bilder/film m.m, også til framvisning på foreldresamlingar. Me har også skrivar – AirPrint og høgtalarar som me kan sende lyd over via bluetooth. Me skriv notatar, tar bilde og videoar, brukar iMovie, søker etter oppskrifter, googlar og brukar Guitar Tuner for å stemme gitaren +++. Fleire har nettbrettet tilgjengeleg store deler av arbeidsdagen.

Me i prosjektgruppa har hatt nettbrett som tema på mange møta våre, me har utveksla idear og kunnskap med kvarandre.

Prosjektet har vore ein god start for å lære oss å bruke nettbrett i opplæring av elevar med store hjelpebehov.

 

 

Vegen vidare for prosjektledaren

Eg m/fleire kjem til å jobbe med nettbrett vidare i opplæringa. For å bruka opp pengar på konto, har eg lasta ned Språkkista, ein app til begrepsopplæring. Der er det tilgang på mange språk, bl. a arabisk, engelsk, farsi, somali. I avdelingen er det elevar frå mange land, ikkje alle av dei kan snakke norsk. Håpar at denne appen kan vera nyttig for mange.

Vidare ønskjer eg å bruke kalendar/dagbok meir aktiv, lage bildebøker og bruke enklete av aktivitetsappane. Book creator oppdaga eg litt for seint til å bruka til elevane, men det skal eg ta ibruk til hausten for å laga digitale bøker til elevar.

Det er spennande å følgje med på bloggar og facebooksider som omhandlar bruk av digitale hjelpemiddel i undervisninga. Her er det mange idear å hente.

Ein av dei nye elevane skal ta ibruk windosbasert nettbrett, truleg med Rolltalk Designer som eit av programma. Dermed vil me få fleire bruksområde for nettbretta.

Kanskje kan me etterkvart få til eit nytt nettbrettprosjekt med fleire deltakarar! Uansett er nettbrett blitt ein kvardagslivsaktivitet for elevar med særskilt tilrettelagt opplæring.

Anne-Ingrid Alme.