Aktivitet: Gode idear

Bruk av verdikort til å handle appar m.m.

Publisert 14. november, 2014 | Gode idear

Ein del av prosjektet vårt er å prøva ut ulike appar, både gratis-appar og dei som må betalast for. Prisen på appane varierer frå kr 7,- til fleire hundre kroner. Ein del av prosjektmidlane er satt av til å prøva ut appar.

Ein ryddig måte å gjera dette på, er å kjøpa verdikort på f.eks Narvesen og laste verdikortet inn på i-paddane. Eit verdikort kan kjøpast med ulike verdiar (eks. kr 150,- 200,- 500,-), – me veljer kr 500,-. Prisen å betale er kr 505,-som må får ein ekstra kvittering for. Kvitteringen leverer me på skulen og får det dekka frå prosjektmidlane.

Når me skal løyse inn beløpet på i-padden, lastar me det inn på den Apple-ID-en me har oppretta til felles bruk. Då kan me lasta ned same betalingsappen på fleire maskiner.

For dei som ikkje er kjent med denne måten å gjera det på, tar eg med nokre bilde:

  verdikort 1

Slik ser kortet ut på butikken, det finst også i andre variantar. Med desse kan me også handle musikk og spel. Framgangsmåten står på baksida.

 

verdikort 6

Her er iTunes si musikkside, nederst på denne sida står det «Løs inn»

verdikort 4

Fjern folien som dekkar koden

verdikort 3

Du kan bruke kamera på ipadden og scanne eller skrive inn kortkoden + passordet til Appel-ID-en.

verdikort 2

Ferdig! Då kan du kjøpe appar eller musikk til pengane er brukt opp. Restbeløpet etter forrige verdikort blir overført til det nye. For å sjekke saldoen, gå inn på generelt, vel iTunes og App Store og trykk vidare på Apple-ID:….  og Vis Apple-ID. Då kjem saldoen fram.

Alle kjøp blir registrert på den e-postadressa som er lagt inn som Apple-ID.

Mange av elevane har sine private i-paddar med privare Apple-ID. Dei kan også laste inn verdikort på privat initiativ, eller kjøpe på private kredittkort dersom det er spesielle spel, musikk o.l. som dei vil ha. Når me kjøper noko på skolen, loggar me inn på skolen sin Apple-ID og lastar ned til dei elevane dette er aktuelt for.

Det same gjeld oss i personalet – me har private Apple-IDar som me kan bruka i tillegg til felles Apple-ID.