Denne appen kom eg over no for 2-3 veker sidan på skolebesøk for å møte ein ny elev. Der var det ein elev som brukte dette programmet som kommunikasjons-bok mellom heim og skule. Det er plass til mykje tekst til kvar dag.
Appen må kjøpast, den kostar kr 49,-.
Samanlika med Moment Diary- MD-, er det plass til meir tekst i Day One, medan MD har plass til fleire bilde per dato og lite tekst
Day One virkar enklare å administrere.

Her kan ein starta med å velja om ein vil leggja til bilde eller tekst. Begge deler kan redigerast.
Oversikt på Timeline. Over tastaturet kan du skimte ei linje med symbol. Der er det ulike val, eks settings, export, sette dato, klokkeslett, hashtag osv.
Under export kan ein sende innhaldet for den dagen på e-post, f.eks når eleven er på avlastning eller bur i eigen leilihet, så kan det sendast bilde og eller tekst til foreldre. Det må avklarast med foreldre kva som kan sendast på e-post.
Slik ser skrivesida ut. Medan du skriv, er tastaturet framme på sida – det viser ikkje på dette bildet.
Slik ser e-posten på nettbrettet ut. Eg har sendt bilde og tekst frå 6. juni på e-post.
Denne appen skal eg prøve ut neste skoleår!
Legg igjen en kommentar
Du må være innlogget for å kunne kommentere.