Lydhør

Lydhør_200pixLydhør er ein app til bruk for å høyra lydbøker for dei som har lånerett hjå NLB – Norsk Lydbokforlag. Appen kan lastast ned både på I-phone/i-pad og på smarttelefonar og nettbrett som støttar Android.

Appen er gratis.

NLB låner ut lydbøker og punktskriftbøker til personar som er blinde, svaksynte og andre som har problem med å lese trykt tekst.

Ein del av elevane våre dette skoleåret, har allerede lånerett hjå NLB pga andre programvarer.

I Lydbokforlaget er det bøker som passar både for barn, ungdom og vaksne. Ein del av elevane våre likar godt barnebøker, og er kjend med cd-ar med desse bøkene.

Via denne appen kan ein enten streame bøker eller laste dei ned på nettbrettet (eller smarttelefon/i-pod). Bøker som er lasta ned, kan høyrast på utan å vera koble til internett. Når ein streamar bøker, må ein alltid vera «på nett» for å høyra.

Ifølge nettsidene til www.statped.no har Lydhør desse fordelene:

 

I Lydhør kan du

  • justere hastigheten på opplesningen
  • gjenta siste setning
  • sette inn bokmerker
  • starte der du slapp siste gang du var inne i boken
  • laste ned boka til appen slik at du kan lytte uten å være tilkoblet internett
  • endre størrelse på skrift og farger på bakgrunn

 Du kan også legge inn bøker fra Skolelydbok fra statped.no.

 

Per i dag har eg kun prøvt ut appen for 1 elev, og denne eleven høyrer gjerne på lydboka ei god stund. Lydboka har eleven høyrt mange gonger tidlegare via CD. Det er usikkert om denne eleven vil klara å sette i gang lydboka på eiga hand, det har me ikkje jobba med.

Eg driv på å teste ut appen på eige nettbrett og i-pod. Hastigheten kan regulerast med %. Normalhastighet er 100% og så kan ein regulere mellom 50-200%.

***

Tidlegare har eg høyrt på lydbok (for voksne) på CD saman med lesesvake elevar. Me høyrde boka over fleire veker og såg filmen på kino etterpå. Lydhør er ein god erstatning for cd-ar og er lettare tilgjengeleg.

På informasjonssidene til NLB ligg også bruksanvisning, også til korleis overføre cd via iTunes til Lydhør dersom det er ønskeleg.

Publisert 8. mai, 2015 av nettbrettkvardagsliv

Legg igjen en kommentar