MD – moment diary

MD   MD – dette er som ei kalendardagbok.

Appen som finst både i både Apple- og Androidprodukt, og den er gratis. Den har nokre element som kan kjøpast dersom ønskeleg.

Elevane våre har kontaktbok som blir brukt dagleg mellom heim og skule, dei fleste kjem til å fortsetja med det. For dei fleste elevane kjem denne appen i tillgg, for andre elevar kan det vera dette som fungerer best.

For alle elevane kan det vera kjekt å kunne vise fram bilde, i særleg grad for elevar som ikkje kan lese/skrive og kanskje i tillegg har vanskar med å formidla seg muntleg. Eit bilde kan erstatta fleire setningar og vera godt utgangspunkt til samtale. Dette gjeld også elevar frå framandspråkeleg heim der foreldra ikkje snakkar mykje norsk.

Etter mi meining er denne dagboka fin for fleire av elevane. Dei kan lettare sjå bilete frå aktivitetar dei ulike dagane. Det er også høve til å leggja inn aktivitet fram i tid, både med tekst, bilde og klokkeslett dersom det er ønskeleg.

Programmet kan redigerast både med tanke på bakgrunnsfarge, skriftstorleik, tilgang til mikrofon m.m..

Ein tidsperiode kan også eksporterast til e-post f.eks frå 9.-12. desember. Her må ein vera varsom med tanke på kva opplysningar som skal ut «i lufta».

uten navn Her er eksempel på side som kan eksporterast til e-post. Her er kun bilde av produkt, ikkje av elevar. Me har ikkje brukt denne muligheten til anna enn utprøving.

Me vil fortsetja med å bruke  kalendarboka til dei fleste elevane.

Publisert 12. desember, 2014 av nettbrettkvardagsliv

Legg igjen en kommentar