Pedagogisk bruk av bileter og video i undervisninga.

Elevane i dei kvardagslivsgruppene som vi underviser i har ofte alvorlege diagnoser og læringspotensialet er ofte lite. Det tek lang tid å kartlegge desse elevane og å finne fram til gode og langsiktige mål for kva vi ynskjer å lære frå oss.  Desse elevane har store problem med å nyttiggjere seg av sjølv dei enklaste funksjonane som er tilgjengeleg på ein Ipad. Berre det å ta ein «selfie» er ei stor utfordring for våre elevar. Det er derfor nødvendig at dei får hjelp til t.d. det å ta bileter. Dette er ikkje noko vi har undervist i med konkrete målsettingar på i løpet av året. Dersom vi frå starten av prosjektet hadde vore meir målretta i forhold til konkrete opplæringsmål som t.d. at dei skulle meistre enkle mål som t.d. det å ta bilete eller film sjølve, kunne dei kanskje ha meistra dette i større grad.

Prosjektet har  i stor grad fungert som ei utprøving av dei mange ulike funksjonane som er tilgjengelege ved bruk av ein Ipad. Pedagogiske appar som puslespel, klokketrening, matching,og liknande har vore prioritert. Utprøvinga har famna vidt og målsettinga har vore å prøva ut ulike funksjonar i bruk av Ipad. Konkrete pedagogiske mål for den enkelte eleven har ikkje vore noko hovudmål. Dersom vi frå starten hadde vore meir spesifiserte, dvs. at vi ut frå den einskilde eleven sine føresetnader hadde valt ut spesifikke mål, t.d. det å sjølve ta bileter sjølv med Ipaden, kunne den enkelte eleven kanskje ha komme lengre i prosessen med å betre nyttiggjere seg av Ipaden. Dette er noko vi må ta med i evalueringa av prosessen.

I løpet av året har vi kunna studere korleis den enkelte eleven har brukt Ipaden sin. Her har vi hatt utfordringar i mange retningar, frå ho som ikkje i det heile vil «ta på»/»trykke» på skjermen til han som i stor grad berre trykker «vilt» på alt som kan trykkast på utan nemneverdig mål eller meining med si «trykking».

Ein av dei nyttige funksjonane med bruk av ipadane har vore å ta opp små filmsnuttar frå klassen å redigere desse saman i Imovie. Små filmar kan enkelt settast saman til bruk i klassen. Vi har og vist ein slik film på ein samankomst med foreldrene.

Med enkle midlar kan vi redigere filmsekvensar og  legge til kommentarspor og lydspor. IMovie er enkel å bruke når du først har klippa klare i kamerarullen. Når bileter og filmsekvensar er tilgjengelege i kamerarullen på iPad kan redigeringsarbeidet starte.

  1. Starte redigering, legge inn aktuelle klipp og bilete. Korte ned klippa og bytte rekkefølgje som passar.
  2. Legge på tekst.
  3. Legge på kommentarspor.
  4. Legg på lyd-effektar/forteljarstemme og musikkspor.
  5. Tilpasse overgangene.
  6. Lag egna tittel på prosjektet, sjå over i fullskjerm (dette gjør du på iMovie startsida).

IMovie har og ein funksjon der ein kan lage ein « trailer». Med denne malen er det endå enklare å lage små filmar frå elevane sin skule-kvardag. I dag er film og video en naturlig del av kvardagen for dei som er unge. De filmar seg sjølve og andre. Når vi som er lærarar, utnytter muligheitene som ligger i å bruke digitale verktøy, blir det ikkje så stor avstand mellom skule- og fritidsaktivitetane til elevene, og dei kan lære meir. Bruk av bileter og video gjer at vi som lærerar kan tilpasse lærestoffet. For mange elever med lærevanskar vil visualisering være virkemiddelet som kan gjøre opplæringa mogeleg.

Det er enkelt å ta bileter med det innebygde kameraet på ein Ipad. Når elevane får bruke bileter og video, er dei produsentar og kan ta aktiv del i læringa. Da går dei meir aktivt inn i læringsprosessen sin, og dei vil sannsynligvis bruke ein betre læringsstrategi. Da blir det og enklare for dei å lagre kunnskap i langtidsminnet. I våre klasser er dette likevel for vanskeleg for dei aller fleste av elevane. I klassene våre er det videoar og bileter som personalet har teke som er brukt. Desse har vi synt på storskjerm og det har vore interessant for elevane. Dei fokuserer og er tydeleg engasjerte. Vi har og brukt bileter av elevane i kontaktbøkene som blir brukt dagleg som kommunikasjon mellom skulen og foreldre eller den verna bustaden deira. Nokre av elevane har og fått hjelp av foreldra til å ta bileter frå aktivitetar dei har gjort i helgar og feriar. Desse bileta har vi så brukt på skulen til å samtale med elevane om. Dette blir ofte svært gode samtaler der elevane er svært motiverte og gjer sitt beste for å uttrykke seg.

Den mest vellukka bruk av bileter i undervisningssamanheng har nok vore puslespel. Det finnes eit utal appar for Ipad med puslespel som tema. Lærerane kan ta bileter av elevane eller  hente motiv frå skule-kvardagen t.d. gjenstandar elevane er glad i eller har eit forhold til, og bruke desse i puslespela eller til begrepstrening.

Konklusjonen kan være at dette skuleåret har vore nyttig som ei kartlegging av muligheitene som Ipad har og korleis vi som lærarar best mogeleg kan nyttiggjere oss av bilet- og filmbruk med Ipadar i undervisninga.

Publisert 18. mai, 2015 av frfu

Legg igjen en kommentar