Google Classroom

Videoen over viser godt funksjonaliteten i Classroom. Classrom er ikkje eit LMS, (unntak for ipad og mobile einingar) men ei systematisering av innhaldet på Disk mellom lærar og elev for skular som har ein Google Apps for Education-konto. I Classroom kan ein opprette kurs og legge til fleire lærarar og elevar med vurderingsdel. Ein kan legge til videoar, skjema og andre dokument frå Disk i eit lukka og sikkert miljø. Læraren(ane) har samla alle elevane på ei side og kan gå inn og gi undervegsvurdering hjå kvar enkelt elev i eit oversiktleg miljø. Der er ein eigen app til alle einingar.

Her finn du ei innføring i Classroom på norsk, eller eit kurs på engelsk.

For å åpne Classroom, gå til http://classroom.google.com, og pass på at du er pålogga med din gskole.no-konto. Privatkontoar frå Google har ikkje tilgang til Classroom.

I videoen under kan ein sjå korleis det ser ut både for lærar og elev:

Med mobile einingar og Classroom-appen, er det lett å levere inn dokumentasjon i faga. Her kan du lese om korleis levere inn bileter eller videoar frå ein iPad til Classroom. Sjå òg videoen under:

Du kan sjå meir om Google Clasroom her.

Her finn du grunnleggande opplæring i Classroom på engelsk.

Mange har teke i bruk Classroom og har lagt ut råd og tips:
– 20 ting du kan utføra med classroom (engelsk)

 

 

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?