Google disk

Når du opnar Google disk (Google drive), finn du fylgjande verktøy: dokument, rekneark og presentasjon.

disk

Du bør først gjera deg kjend med dokument formatet til Google.

Kan du bruke Word, er vegen kort til å bruke Google sin tekstbehandlar, sjølv om nokre av dei meir avanserte funksjonane er borte samanlikna med Word. Den største fordelen er at det er svært enkelt å dele dokumentet med andre (du kan velge om dei skal berre kunne lese eller kunne redigere), og det er eit godt verktøy for samskriving. Nokre nyttar òg google dokument som verktøy for prosessorientert skriving der læraren og medelevar kan komme med kommentarar undervegs i skriveprosessen.

Ein veldig nyttig funksjon er at ein kan bruke eit tekstbehandlingsdokument som ei slags oppslagstavle eller nettside som du kan publisere for andre. Det er enkelt for alle å leggje inn ny informasjon, kommentere andres arbeid eller setje inn bilete for å illustrere eller forklare ting. Å kunna laste opp andre filer til Google Dokument kan du sjå om (her)

Tips: Dersom du brukar eit Google-dokument til hugseliste, så kan du leggja ein snarveg i Google-bokmerker.

Du kan som lærar bygge dokumentet inn på Itslearning

Du kan lese meir om andre Google-verktøy her.

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?