Korleis opprette Google Apps for Education

apps For å bruke tenesta APPS for EDU, må du gå igjennom nokre steg. Du må vere tålmodig med å få full tilgang for heile organisasjonen. Du må vente på ulike godkjenningar for kvart trinn i registreringsprosessen, og du kan rekne 3-4 veker frå du går i gang til «alt er oppe og går». Men har du ynskje om eit enkelt samhandlingsverktøy for heile skulen, vil etableringa vera verdt ventetida.

  1. Du treng  skulens/organisasjonens organisasjonsnummer som du finn via brønnøysundregisteret. Enkelte skular har måtta bestille registrerutskrift for dokumentasjon overfor Google.
  2. Lage domenenamn. Du kan bruke Google som leverandør eller norsk leverandør som t.d. domeneshop.no (tilrådd). Du søker etter ledig domenenamn som passer for namnet til din skule. Eksempelvis iktiskulen.org er ledig. Skuleleiar kjøper domenet med kredittkort og registrerer nødvendige opplysningar som organisasjonsnr.

Velger Alternativ 2: domene

Epost (inkluderer DNS og www-videresending) Kr 90,- Pr år. Velger epostadresse som brukernamn. Etter nokre dager vil du få epost frå domeneshop om brukarnamn, passord til domenenamnet ditt. Du får og`ordrebekreftelse som du treng for å oppgradere APS kontoen (8).

  1. Registrere skulen med å fylle ut nødvendige opplysninger via kom i gang. Du registrerer domenenamnet ditt iktiskulen.org og må lage eit administrator brukarnamn t.d. hfk@iktiskulen.org som blir din og superadministrator si Gmailadresse. Lager deg eit passord og følger innstruksjoner vidare.
  2. Du må logge på etter instruksjoner og anbefaler Chrome nettleser. Gratulera! Du får no tilgang til administrasjonskonsoll og må konfigurera APPS kontoen. Du følger instruksjonane.
  3. Du må logge på domenet ditt via domeneshop.no og kopiere inn kode frå APPS kontoen, for å bekrefta at du er eiger av domenet. Du limer denne inn som TXT under DNS for domenenamnet. Kan ta litt tid før dette blir akseptert. Du bør endra deg til deleiger av domenet med epostadresse som er lik den du registrerte på «kom i gang» (3.)
  4. Du må videresende epost  frå domenet ditt til APPS kontoen, følg instruksjoner frå Google. Dette legger du inn under Epost og MX hosts i domenet. Eksempel Proritet 1 og: ASPMX.L.GOOGLE.COM i rett rekkefølge. Du får melding når allt fungerer og konfigurerer APPS kontoen videre.
  5. No har du fått demo-konto av Google apps av education som varer i 30 dager og kan legge inn 10 brukere.
  6. Du kan oppgradere med å fylle inn opplysninger om skulen. Du får lenke til oppgradering via epost første registrering. Du må laste opp ordrebekreftelse på at du er eigar av domenet. Du vil få ein bekreftelse på at den vil bli oppgradert innen 2 veker. Mogeleg at du må sende registerutskrift(1) frå Brønnøysund.
  7. Mens du venter kan du få lagd xls -crv fil for heile organisasjonen din. Denne kan synkroniserast med brukarnamn via extens. Her er eit eksempel. Lykke til! Lenke til Google support.
Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?