Omvendt undervisning

Omvendt undervisning eller «flipped classroom» går ut på at læraren snur opp ned på den tradisjonelle undervisninga og let elevane fyrst få innføring i eit tema via ein video læraren har laga, for deretter at læraren kan bruke meir tid på å fylgje opp eleven i timen, sidan forskning viser at det gjev best læring. Omvendt undervisning har vore mest nytta i matematikk, men metoden kan nyttast i dei aller fleste fag. Senter for IKT i Utdanninga (iktsenteret) har ein eigen artikkel og video om omvendt undervisning.

  1. Eleven får undervisninga som lekse, «tavleundervisning» er flytta heim.
  2. Læraren lagar ein videoinstruksjon. Video gir detaljert informasjon om emnet på kort tid. Eleven kan stoppe, spole tilbake og repetere ved behov. For å komma i gang med å lage instruksjonvideo kan du sjå verktøy – skjermvideo.
  3. Elevane svarer på spørsmål som test eller undersøking rundt emnet i videoen.
  4. Undersøkinga gir tilbakemelding på kva lærar må fokusera på i timen, tilpassa den enkelte elev.
  5. Elevene jobbar aktivt med fagstoffet i timen og lærar støttar den enkelte elev.
  6. Lærar har avgrensa grad av forelesing på skulen.
  7. Lærar får god oversikt over den enkelte elev sin progresjon i delemner.
  8. Elevane kan repetere fagstoffet når dei ynskjer det, og spesielt før eksamen.

Campus.inkrement.no har eit eige onlinekurs i omvendt undervisning.

Du kan sjå på fleire Læringsprosjekt

2014 Flipped Learning from Elisabeth Engum

 

Forskning.no har ein kronikk om omvendt undervising av Rune Krumsvik.

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?