Korleis ein handterer tilfelle av plagiering og fusk til eksamen

Kva er fusk på prøver /eksamen?

•Å bryte reglane for bruk av hjelpemiddel .

•Det er fusk å bruke internett, kommunisere med andre, og ta i bruk omsettingsprogram i norsk og framandspråkfaga.

•I matematikk, fysikk, kjemi og biologi er det fusk å bruke hjelpemiddel under del 1.

shortcut.se

Kva er konsekvensane av fusk eller freistnad på fusk til eksamen?

•eksamen blir annullert

•eleven misser standpunktkarakteren i faget

•kan fyrst gå opp til eksamen som privatist eit år seinare.

•misser førstegangsvitnemålet.

•eit års utestengjing fra studium ved universitet/høgskular.

•karakteren i åtferd kan bli sett ned.

Kva er konsekvensane av fusk eller freistnad på fusk under prøver?

•prøven skal ikkje vurderast (=IV),  (eleven skal ikkje ha karakteren 1 ).

•kan resultere i at eleven får IV i terminkarakter eller standpunkt.

•«Fusk eller forsøk på fusk på prøver skal vurderast som ein del av karakteren i åtferd».

Kva er plagiat, og kva er konsekvensane av plagiat på prøver og til eksamen?

•Plagiat er å bruke andre sine tekster heilt eller delvis.

•Det er ikkje plagiat å bruke kjelder, men dersom ein bruker kjelder, skal ein oppgje kjelder på ein korrekt måte.

•Dersom kjelder ikkje er oppgitt og teksten består av klipping og liming, blir oppgåva vurdert til låg måloppnåing. Det kan være karakteren 1 eller 2 dersom dette skjer i stor grad. Sensorane får instruks om å vurdere det som er igjen av oppgavesvaret etter at ein har sett bort fra tekst som er klipt og limt inn.

•Det same resonnementet bør/skal leggjast til grunn på prøver.

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?