Attendemelding

Forsking med John Hattie viser at gode attendemeldingar (framovermeldingar) frå læraren motiverar eleven fagleg, og vil dermed kunne forbetre fagprestasjonen ved neste oppgåve eller vurdering. Eleven må få tydeleg kjennskap til kva prestasjon han viste i ei innlevering og kunne få ei attendemelding som han kan lære av. Her kan døme på digitale verktøy auka kvaliteten på attendemeldinga. Som døme kan videoretting nemnast. Dette gjeld både formativ og summativ vurdering.

I fylgje denne artikkelen som er eit samandrag av «The power of feedback» – ein artikkel av John Hattie og Helen Timperley, kan attendemeldingar nyttast til å gje elevane svar på viktige spørsmål. Ei god attendemelding har tre hoveddelar, som fylgjer kvarandre: Feed up (klargjering av målet) Feed back (kvar står eg i forhold til målet, kva har eg prestert til no) Feed forward (kva treng eg å gjere for å kome meg vidare) I denne prosessen kan elevane få attendemeldingar på ulike nivå: Attendemeldingar på oppgåva eller eit produkt, attendemeldingar på prosessen, attendemeldingar på sjølvregulering og attendemeldingar på personen.

UDIR har mange døme på faglege attendemeldinger og filmar frå praksis.

 

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?