Appar til iPad

Liste over appar for iPad/iPhone/iPod vi har testa sjølv:

Desse appane har ein eller fleire av ePedagogane testa, og dei kan vere nyttige for elevar og lærarar. Appane står ikkje i nokon særskilt rekkefølge.

Dei siste og mest grundige omtalane finn du i menyen til høgre.

Prisane vart henta inn frå AppStore 14. mars 2013.

Showbie – Få ein papirlaus arbeidsflyt i klasserommet der læraren kan dele ut oppgaver og elevane levere inn svar og få dei vurderte inne i Showbie.

OneNote – Har endeleg kome for iPad og Mac, og er gratis.

Explain Everything – Fantastisk allsidig app som kan nyttast til omvendt undervising, videovurdering eller «Smartboard» på iPad med opptaksmuligheiter. Den kan koblast mot alle skytenester. Kostar kr 21,- (Les meir i menyen til venstre)

Outline+ Denne kan åpne OneNote-blokkar som ligg på Dropbox, Skydrive eller Box (eller som synkroniserast gjennom iTunes). Outline+ kostar 105,-, det finst og ein gratisversjon, men der kan du berre lage 30 sider, og kan ikkje synkronisere via wifi.

GoTasks Ein fin gratis-app for gjeremål og hugselister. Denne synkroniserer mot google hugseliste.

FilmonTv Gratis-app for å sjå britiske tv-kanalar.

AppsgoneFree Finn dagleg appar som er gratis den eine dagen. Her kan du vere heldig og komme over dyre appar heilt gratis (og lovleg).

iMotionHD App for å lage stop-motion-filmar. Særs enkel i bruk, og for born.

Pages Tekstbehandling. Kostar 70,-

Keynote For å lage presentasjonar. Kostar 70,-

TED Foredrag i alle tenkjelege emne, om til dømes spennande forskning. Gratis

Educreations Gratis-app for å lage, dele og finne videoleksjonar.

Mymeasures App der du kan ta eit bilete og teikne inn dimensjonar på ting. Kostar 21,- (42, for pro-versjon).

ShowMe Gratis-app for iPad for å lage, dele og finne videoleksjonar.

Prezi Gratis-app for å lage og sjå prezi-presentasjonar. Med iPhone-appen kan du berre sjå, ikkje lage.

Slideshark Gratis-app for å sjå presentasjonar frå SlideShare.

StarTrackerHD Ein av fleire appar for hobby-astronomar. Denne kostar 28,- for iPad, 21,- for iPhone/iPod.

Myscriptcalculator Må sjåast. Kalkulator der ein skriv med finger/»penn» på skjermen på samme vis som ein ville skrive matematikk på eit ark, appen omset til maskinskrift og reknar ut svaret. Den taklar temmeleg kompliserte utrekninger, men ikkje algebra. Gratis.

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?