AppleTV til framvisar med AirPlay

Ein glimrande funksjon på iPad/iPhone og Mac, er at ein eller fleire kan strøyme innhald eller skjermbilete og lyd trådlaust til AppleTV. Dette gjer det mogleg å samarbeide og presentere på ein ny måte i klasserommet. Les meir her.

Om ein har ein nyare tredje generasjons Apple TV med programvareversjon 7 installert, vil ein kunne strøyme direkte til AppleTV utan å vere på same nettverk frå ein nyare Mac med OSX 10.10, iPhone eller iPad, men einingane må vere  av nyare dato og oppdaterte til IOS 8 og med Bluetooth på . Dette har vi testa ut i klasserommet der Apple TV var kobla med kabel til HFK-ansatt/Pednett, og då kunne ein få opp AppleTV via AirPlay og strøyme innhaldet til AppleTV som må være tilkobla ein prosjektor eller TV med HDMI. Om ein vil vise alt vel ein «Like skjermer», ellers viser den berre bilete og filmar.
FullSizeRender-3

Ellers kan ein nytte andre løysingar for å vise iPad på framvisar. Reflector kan installerast på ein pc eller Mac tilkobla ein framvisar. Deretter einingar på same trådlause nett koble seg opp via AirPlay eller Google Cast. Ein eigen Reflector Director-app til iPad kan deretter styre kva einingar som skal visast.

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?