Digitale lærebøker

Der er ulike tenestetilbydarar på digitale lærebøker på nettbrett. NDLA har gratis læringsressursar til mange fag på vidaregåande, men krever at ein har nettilgong. Det er rett nok mogleg å laste ned PDF-utgave av kvar enkelt side, men funskjonaliteten er avgrensa.

Brettboka

Den tenesta som kan by på flest titlar er Brettboka. Dei har ein eigen app til dei fleste plattformene der ein kan kjøpe bøker i frå mange av dei største forlaga. Distribusjonen kan administrerast frå ei nettside og så distribuerer læraren ei nedlastingskode til elevane. Ein får då ein PDF-versjon av papirboka med lik grafisk utforming på tekst og bileter. I tillegg kan tekst lesast opp, ein kan markere og notere og lagre dette. Sidan bøkene kjem i PDF-format, tek dei liten plass, 10-70mb, i motsetnad til andre digitale bøker som kan ta mykje meir plass sidan dei kjem med auka funskjonalitet som lyd og av og til videoar m.m.

Apple sin eigen iBooks har eigen nettbutikk med både norske og internasjonale titlar. I tillegg kan ein lage eigne digitale bøker på ein Mac med iBook Author for så å dele bøkene til iBooks-appen på iPad.

Gyldendal har ei eiga løysing og sin eigen app; Smartbok. Desse digitale lærebøkene har samanlikna med papirutgåva utvida funskjonalitet som interaktivitet, opplesning og videoar. Dette gjer også at bøkene krev mykje lagringsplass, ofte 800mb.

Mange skular nyttar Aschehougs Lokusportal til å kjøpe digitale lærebøker. Desse kan lastast ned til pc og mac, men for iPad treng ein ein nettlesar som les Flash som t.d. Puffin.

Fagbokforlaget har óg ei eiga d-bok-løysing med ein nettportal og ein eigen app; d-bok
Image-1-7

For dei som treng oppleste lærebøker, er der ei teneste frå NLB der ein kan laste ned lydbøker til ein eigen app; Lydhør.
Image-1-6

 

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?