iPad i språkfag

Der er fleire appar til iPad som kan vere nyttige i språkfag. Den innbygde opplesingsfunksjonen kan nyttast i fleire språk med gratisappen Spesynto. Der kan ein velge mellom 36 språk og enten skrive inn eller lime inn frå andre kjelder for å få opplest teksten.

IMG_0070

Tenesta Duolingo let deg lære språk på ein morosam måte i spelform. Appen let eleven leggje til læraren slik at denne kan fylgje progresjonen i læringa i det valde språket, eller at læraren opprettar eit kurs og inviterer elevane inn. Les meir om Duolingo for schools.

duolingoschools   Skjermbilde 2015-04-29 kl. 12.11.33

Ved Nordahl Grieg vgs har dei hatt eit læringsprosjekt på iPad i språkfag. Vi nemner her nokre av dei appane dei har nytta:

  • Appen BookCreator er fin til å lage e-bøker med bileter, tekst, innspelt tekst og video og kan nyttast i språkfag.
  • Toontastic kan ei lage små animasjonsfilmar der elevane kan lese inn dialogar og skrive tekst.
  • Bitsboard kan nyttast til å øve på ord samt at ein kan lage eigne oppgåver.

Appen Dragon Dictation kan nyttast til å lese inn og få diktert/transkribert på mange ulike språk. Dei   har òg appen Swype som legg til eit nytt tastatur som gir deg staveforslag etterkvart på dei fleste språk, samt at ein kan drage fingeren frå bokstav til bokstav istaden for å taste. Merk òg at tastaturet har både små og store bokstavar. Swift Key gjer mykje av det same.

FullSizeRender-8

Les òg om verktøy i morsmål.

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?