Lese- og skrivestøtte på iPad

IOS kjem med innebygd støtte for å lese opp det ein har på skjermen med funksjonen Voiceover. Når den er aktivert i Innstillingar/Generelt/Tilgjengelighet, vil den lese opp namn på appar eller anna som ein trykker på på skjermen. For svaksynte kan dette vere til stor hjelp. Les meir om tilgjengelegheit på iPad her. Les meir hjå Statped.

I tillegg kan ein i Innstillingar/Generelt/Tilgjengelighet/Tale slå på funksjonen «Les opp markering» eller «Les opp skjerm». Ein kan velje kva stemme og hastigheit ein ynskjer. Då vil iPaden lese opp alle tekstar som du har på skjermen.

IMG_0157

 

Om ein vil ha opplest tekst frå ulike språk, les meir her.

Diktering er ein relativt ny funksjon på iPad og iPhone. Gå til Innstillinger/Generelt/Tastaur og slå aktiver diktering heilt nederst.

diktering

Når dette er aktivert, får ein opp ein mikrofon på tastaturet. Start diktering og iPaden skriv for deg.

mik

Alt dette er som sagt inkludert og dermed gratis, men appen IntoWords er eit meir avansert verktøy som òg kan anbefalast, spesielt til skriving sidan ein der får forslag til ord.

Appen Mine ordbilder kan brukast til å øve opp lesehastigheita.

I tillegg har Lesesenteret ein eigen app der ein kan laste mange av hefta dei har gitt ut.

Med oppdateringen til IOS 8.3 kom det endeleg norsk stavekontroll til appar som Pages m.fl.

FullSizeRender-7

 

Appen Dragon Dictation kan nyttast til å lese inn og få diktert/transkribert på mange ulike språk. Dei   har òg appen Swype som legg til eit nytt tastatur som gir deg staveforslag etterkvart på dei fleste språk, samt at ein kan drage fingeren frå bokstav til bokstav istaden for å taste. Merk òg at tastaturet har både små og store bokstavar. Swift Key gjer mykje av det same.

FullSizeRender-8

Denne svenske nettsida for logopedar har ei liste over ulike appar til iPad.

Her er eit nettkurs i å lese raskare.

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?