Google Classroom og innlevering av bileter og video

Om ein har Google Apps for Education-konto og har installert Google Classroom-appen på iPaden, kan ein levere inn bileter og videoar direkte frå kamerarullen. Her er det ikkje noko avgrensing på filstørrelsen.

1. Først må læraren ha oppretta ei innleveringsoppgåve i Classroom. Ekstern opplæring i Classroom finn ein her.

2. Deretter vel ein den videoen ein vil levere inn i kamerarullen på iPaden og vel delingssymbolet: Sjå pil.

classroom1

3. Deretter skal ein velje Classroom (denne må aktiverast under «mer» fyrste gongen) Sjå pil.

classroom2

4. Du kjem deretter til eit vindauge i Classroom der du kan velje mellom dei aktive innleveringsoppgåvene i dine fag. Trykk der pila er.

classroom3

5. Du ser no dei aktive innleveringsoppgåvene og vel det faget du vil levere inn i og trykk «Attach»

classroom4

6. No vert videoen lasta opp til læraren i ditt fag/kurs i Classroom. Opplastingstida kjem an på filstørrelse og kapasitet på det trådlause nettverket, samt kor mange som lastar opp samstundes. Etter opplasting vil det ta eit par minutt før videoen er klargjort på server og kan spelast av.

Filstørrelse:

5 min med videoopptak på ein iPad 4. generasjon tek 225Mb, så då bør 2Gb med videoopptak rett frå kamerarull halde til 44min. På ein iPad mini 2 vil 5 min ta 583Mb med lagringsplass som igjen tyder at 2Gb rekk til 17 min. Filstørrelsen og videokvalitet vil variere etter kamera og kor ny eller gammel modell ein har. Men som sagt: Med ein Google Apps for Education-konto vil der ikkje vere noko grense på kor store filer elevar eller lærarar kan laste opp.

Ved å redigere opptaket i iMovie kan ein redusere størrelsen på videofila ved å lagre/eksportere til kamerarullen: 5min i 540p vert 184Mb. Da vil 2Gb halde til 54min med video. Om ein ynskjer høg kvalitet vil 5min i 720pHD bruke 318Mb. Det vil sei at 2Gb vil halde til 31min med video.

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?