Lyd, bilete og video på iPad

Å bruke kameraet til foto og video er enkelt og naturleg med iPad. Du kan velge mellom kamera som vender mot deg og frå deg tilsvarande smartmobilen. Kameraappen er standard installert ved oppstart av ny iPad, og ein kan velje mellom bilete, kvadrat, video og tidsforløp samt HDR(tek to bilete med ulik blendar og blandar desse) og tidsinnstilling. Desse vala vil variere frå eldre til nyare modellar.

For å redigere videoopptaka, kan appen iMovie nyttast. Les meir om den her.

Videofiler tek mykje plass, og ein bør nytte ei skylagringsteneste til å lagre og dele videoar. Les meir om korleis levere inn videoar i itslearning her eller Google Classroom her.

Å ta opp lyd som tale eller anna, kan ein gjere inne i appar som iMovie, Garageband, BookCreator, Explain Everything eller ShowBie. Men om ein ynskjer å ha ein eigen app berre for taleopptak, så kan Diktafon gjere nytten.

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?