Innlevering av video

Å bruke iPad til å ta opp video og deretter levere inn til lærar, er ein fin måte å dokumentere aktivitetar/læring på. Dette kan gjerast på i alle fall to måtar. Ein måte er å bruke Google Classroom sidan der ikkje er avgrensingar på filstørrelse. Les meir om det her. Eller ein kan laste opp i itslearning, men grensen på filstørrelse som kan innleverast i itslearning er 2Gb om ein skal laste opp fil og 47Mb om ein skal sette inn/embedde eit nytt videoopptak(då komprimerer itslearning fila fyrst før opplasting). Ei løysning på for store filer, er å åpne dei i iMovie, redigere start/slutt/klippe vekk daudtid for deretter å eksportere til kamerarullen i lavare videokvalitet for å redusere størrelsen på videofilene.

imovie

5 min med videoopptak på ein iPad 4. generasjon tek 225Mb, så då bør 2Gb med videoopptak rett frå kamerarull halde til 44min. På ein iPad mini 2 vil 5 min ta 583Mb med lagringsplass som igjen tyder at 2Gb rekk til 17 min. Filstørrelsen og videokvalitet vil variere etter kamera og kor ny eller gammel modell ein har.

Ved å redigere opptaket i iMovie kan ein redusere størrelsen på videofila ved å lagre/eksportere til kamerarullen: 5min i 540p vert 184Mb. Da vil 2Gb halde til 54min med video. Om ein ynskjer høg kvalitet vil 5min i 720pHD bruke 318Mb. Det vil sei at 2Gb vil halde til 31min med video.

Om lengden på opptaket er viktigare enn bildekvaliteten, kan ein ved å lagre i middels – 360p-kvalitet(bra nok til nokre vurderingssituasjonar) Då vil 5 min kreve 126Mb, altså vil 2Gb halde til nesten 80min med videoopptak.

oppgave1

Om ein igjen heller vil embedde/sette inn video som nytt videoopptak når ein leverer inn ei oppgave ved å bruke teksteditoren, så komprimerer den ei videofil på 126Mb til 25Mb, altså kan en ha ein 9-10 min lang video i 360p-middels-kvalitet og levere den som nytt videoopptak i teksteditor, og den vil då vere på omlag 47Mb som er grensa.

oppgave2

Flaskehalsen vil vere kapasiteten på det trådlause nettet(HFK-Skole), og ein bør unngå at alle lastar opp samstundes.

Det ser altså ut som om itslearning fungerer fint og kjapt til dette. Ein får opp eit symbol for Flash som ikkje iPad støttar, men det kan ein ignorere. Videoane er synlege med ein gong i itslearning i motsetnad til YouTube, Google Disk og Facebook som gjerne brukar eit par minutt på å gjere klar videoen.

oppgave3

Ved å nytte oppgaveinnlevering i itslearning, unngår ein at andre enn lærar og elev kan sjå videoen. Dette vil òg vere mogleg med Classroom frå Google når det er klart. Men om ein ynskjer at fleire skal kunne sjå filmen, kan t.d. YouTube(alle) og Facebook(gruppe) nyttast. Skylagringstenester som Google Disk, Dropbox ,OneDrive og JottaCloud(norsk) for å nemne nokon, er fine til å dele videoar med dei ein ynskjer, men det er viktig å huske at om ei mappe er delt med fleire, vil alle dei ha tilgang til det som ligg i mappa.

 

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?