Videovurdering i idrett/dans/helse/bygg m.m.

Det enklaste er å filme med kameraet på iPaden fyrst for deretter å ta videoen inn i iMovie. Inne i iMovie kan ein markere delar eller heile videoen og spele av i sakte film eller lage stillbilde for å fokusere på delar av opptaket. Det vil fungere godt nok for mange, men der er også eit par spesialappar som er utvikla soesielt for dette.

Image-1 (1)     Image-1-8

Coach’s Eye og Dartfish Express er to videoanalyseringsappar der ein kan filme ein aktivitet/rørsle ein øver på for deretter å kunne gå inn i videoen og analysere den ved å markere/teikne/gje respons på korleis dette gjekk eller kva ein bør øve vidare på. I t.d. idrett eller dans og drama kan dette nyttast som ein del av vurderingsarbeidet undervegs. Ein kan spele av video i sakte film eller regulere tempoet manuelt med fingeren. Ein kan også laste videoane opp på eigne kanalar for deling eller nytte skylagrinstenester frå m.a. Google.

Coach’s Eye får ein til IOS, Android og Windows medan Dartfish Express berre kjem til IOS.

Her er ein video om Coach’s Eye:

Og her er ein video om Dartfish Express:

 

denne bloggen kan ein lese meir om korleis kome i gang og bruke Coach’s Eye.

Med appen Dartfish Note kan ein i tillegg merke og analysere videoen undervegs.

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?