Skulesett med iPad

Om ein ynskjer å kjøpe inn eit sett med iPads til skulen som ein kan låne ut når det trengs, så kan ein opprette ein skulekonto via Apple sitt voluminnkjøpsprogram for utdanning og administrere desse einingane trådlaust frå ein administrasjonskonto. Einingane må registrerast med serienummer i Apple sitt utrullingsprogram. Deretter må en ha ein Mac med OSXserver installert, og då vil Profile Manager kunne ta seg av all administrering av einingane utan å ta i dei. Les meir om korleis utrullingsprogrammet verkar her.

VPP eller voluminnkjøpsprogrammet for utdanning, går ut på at skulen sentralt kjøper så mange appar som ein treng og får tilgang til utdanningsrabattar på større innkjøp(t.d. over 20=50%).

Når alle einingane er registrerte, kan administrator med hjelp av Profile Manager kunne «sende» appar og dokument trådlaust til dei einingane ein ynskjer, slik at dei automatisk vert installerte utan at elevane treng å gjere noko. Dette vil lette arbeidet for dei som i dag sit og installerer ein og ein app på ein og ein iPad.

 

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?