Spelbasert læring

Bruk av ulike spel og quiz som suplement i kreativ læringsaktivitet er i vinden for tida. Elevane har vakse opp med spel, så om ein kan nytte dei i pedagogisk læringsaktivitet bør det bli godt grunnlag for læring og motivasjon.

Nordahl Grieg vgs i Bergen er den ledande skulen på spelbasert læring og har eit eige læringsprosjekt som heiter Next Level. Dei hadde ein workshop om spel i klasserommet: «Kringsatt av fiender» 21. november 2014, og her kan du lese meir og sjå opptak frå dette.

For dei som ikkje var på konferansa om spel og koding i skulen i haust, kan ein finne videoopptak her.

Nordahl Grieg vgs har gitt to av lærarane funksjonen spelpedagog, og dei har ein eigen blogg; Spillpedagogene.

Senter for IKT i utdanninga har gitt ut tre rettleiarar om korleis ein kan nytte spel i skulen.

Next Level ved Nordahl Grieg vgs har ei eiga Facebookgruppe. I tillegg er der ei eiga dansk Facebookgruppe for spel i skulen.

På lenkene under finn du meir informasjon om forsking og også ei oversikt over spel og tenester som ein kan nytte.

Les meir om spelbasert læring: Digital didaktikk

Det kan også være på sin plass å skilje mellom begrepa «Gamification» og «Game-based learning».

På Wikipedia ligg ein artikkel om Gamification of learning.

Sjå i menyen til høgre for fleire døme og korleis kome i gang med spel i skulen.

 

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?