Andre ressurser ein må ha kjennskap til

Lærarar i HFK må kjenne til:

http://www.hordaland.no/

Heimeside for skulen http://xxx.hfk.no Dette er skulen sine informasjonssider til elevar og foreldre. Dei tre x-ane må bytast ut med din skule sin kode. Du finn liste over skulane med koder her. På skulens heimeside finn ein informasjon om utdanningsprogramma som skulen tilbyr, skolerute, PC-ordning, personalliste, skolereglement m.m.

Skoleportalen http://www.skoleportalen.no.  Dette er portalen til opplæringsavdelinga i HFK. Her finn ein lenker til mellom anna  itslearning og epost. Her er også nyhende frå HFK, aktuelle lenker for elevar som til dømes ordensreglement, og ein fag- og temabank.

Epost og kalender https://epost.hfk.no. Dette er den offisielle ePosten for tilsette i HFK. I tillegg er det ein kalender til bruk for møte m.m. Her finn du ein brukarmanual: Brukarmanual_personalportalen_-_medarbeidarar

Intranett http://innsida.hfk.no (på skulens nett), https://utsida.hfk.no (heime). Dette er HFK sin portal. Her finn ein nyhende frå HFK, og lenker til ulike digitale verktøy som nyttast i HFK som mellom anna Kvalitetssystemet, Personalportalen og Reiserekning. Her finn du òg lenke til påmelding til ulike kurstilbod i fylket.

Personalportalen: Her samlast personlig informasjon om deg som lønstakar. Det er her ein finn lønslippane og andre lønsopplysningar. Det er òg her ein går inn når ein skal søke permisjon, føre vikartimar eller registrere eige fråvere. Særs viktig: dersom du har born, må desse registrerast her før du kan føre fråver på grunn av sjuke born.

SkoleArena. Dette er fråvers- og karaktersystemet i HFK. Elevane sitt fråver og merknader (forseintkoming, ikkje levert arbeid, merknader for brot på ordensreglement og liknande) skal førast her. Det er òg i dette systemet ein skriv varsel til elevane for fare for nedsett orden- eller åtferdskarakter eller varsel for manglande grunnlag for vurdering i fag. I tillegg skal terminkarakterar og standpunktkarakter førast her.  Ein loggar seg på systemet via itslearning.

Itslearning: Dette er læringsplattformen som nyttast i HFK. Itslearning er organisert med fag og prosjekt, og alle lærarar får tildelt faga sine med elevar ved skulestart. Her legg ein ut planar, oppgåver, læringsaktivitetar, informasjon m.m. til elevane. Det er òg ei meldingsteneste til kommunikasjon med elevane. Itslearning har også eit testverktøy (Test 2.0), kor ein kan lage digitale testar til elevane. Karakterar kan førast i itslearning og overførast til SkoleArena ved hjelp av ein «overføringsknapp» inne på vurderingsoversikta i itslearning. Du finn meir informasjon om itslearning for lærarar her.

Mange skular har òg informasjonsfag for tilsette på itslearning, kor dei legg ut informasjon, malar og referat.

Tigru; Dette er nettstengingssystemet som nyttast i HFK ved prøver. Her kan lærar velgje klasse eller enkeltelevar som skal ha avgrensa (berre tilgang til itslearning) eller ingen tilgang til internett i ein viss periode. Tigru finn ein i mappa HFK-program (spør IKT-konsulenten om hjelp dersom du ikkje finn dette programmet).

Ad travel: Det er dette systemet vi nyttar når vi skriv reiserekningar i samband med kurs eller liknande. For å kome seg inn på systemet kan ein gå via intranettet kor det på høgre side er lenke til «Reiserekning», så «klikkar» ein seg vidare på «Reiserekning» ein gang til. For å logge seg på treng ein brukarnamn (som er tilsettnummeret du finn på lønnsslippen), firmakode som er 2121200 og eit passord. Dersom ein treng hjelp til å nytte Ad travel kan ein få hjelp hos eKoordinator eller ePedagog, eller kontoret på nokre skuler.

Kvalitetssystemet: Dette er eit system for å mellom anna å registrere avvik/uønska hendingar eller forbetringsforslag/gode idéar. Dette nyttast i det kontinuerlige forebyggande- og forbetringsarbeidet. Her finn ein også viktige dokument fra HFK som er styrande for arbeidet på den enkelte skule. Skulen kan også leggje ut lokalt utarbeidde dokument.

NSSU (Nettbasert Sakshandsaming av Søknad om Spesialundervisning). Dersom du treng tilgong til dette programmet, ta kontakt med rådgjevar.

NDLA (Nasjonal digital læringsarena) http://ndla.no   Ein nettstad med kvalitetssikra, fritt tilgjengelege, nettbaserte læremidlar i dei fleste fag i vidaregåande skule (fleirtalet av fylkeskommunane står bak denne nettstaden). Ein kan òg «klikke» seg inn på NDLA via itslearning.

Ped-video Alle tilsette kan spele av video fra Ped-video-området \\hfk-fs02\ped-video. Denne finn du som stasjon V: på «Datamaskin».  Tilsette må kontakte IKT-konsulent for å leggje ut undervisningsvideo på skulens område.

Facebookside www.facebook.com. Mange skuler har sider på Facebook, kor dei legg ut informasjon og nyhende frå skulen til elevar og foreldre. Les meir om Facebook i skulen her.

Filmrommet www.filmrommet.no er ei nettbasert klikkefilmteneste (video-on-demand) som tilbyr film til skular, bibliotek og offentlege institusjonar.

OneNote/Onedrive OneNote er ein del av «Officepakka», og er eit glimrande notatverktøy. I tillegg kan ein samle andre filer i ein OneNote-blokk, og det vert lagra både på maskinen og på «nettskyen» Onedrive. På denne måten har ein automatisk backup av alle filer, samt tilgong på filene frå fleire einingar (Pc, mobil, nettbrett m.m.) Ein kan òg dele notatblokker i OneNote med kolleger eller elevar, og på den måten samskrive i dokument. Ein kan òg laga eigne klassenotatblokkar i onenote classroom creator. For opplæring i OneNote kontakt eKoordinator eller ePedagog.

Skylagring  Dropbox, Google-disk og onedrive er døme på skylagringstenester. Når ein lagrar bilete eller dokument i «skya», har ein alltid backup av filene og ein har tilgang til filene frå alle digitale einingar som android, IOS/Apple mobil eller nettbrett.

Den digitale skule:  Ein presentasjon av den digitale skule i Hordaland fylkeskommune

Helpdesk  IT kundesenteret for elevar og tilsette i Hordaland Fylkeskommune:  https://helpdesk.hfk.no/


Lær meir:

Personleg utvikling

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?