Halde maskin oppdatert, avinnstallasjon program og antivirus

Foto: www.free-antivirus.co

 

 

 

 

 

 

 

For å hindre at datamaskiner med virus blir tilkopla skulen sitt nettverk, er det sett inn krav om installert og oppdatert antivirusprogram for å kunne kople seg til HFKskole-nettverket. Har du ikkje gyldig antivirus installert, får du ikkje tilgang til skulens nettverk, HFK skole.

Eit datavirus har til føremål å gjere noko uventa eller uønska med datamaskina. Nemninga «virus» nyttast ofte som samlenemning på alle typar skadeleg programvare. Virus, ormar, trojanarar og spionprogram kan øydeleggje innhaldet, eller ta over kontrollen utan at du merker det. Nedlasting av spel er ei vanleg årsak til virus, nettsvindel og reklameprogramvare. Det er viktig å ha eit oppdatert antivirus-program.

Er du ofte plaga med uønskt reklame i nettlesar, kan du installere AdBlock som stoppar slike annonser. Lastast ned for Chrome gratis her. Brukar du andre nettlesarar må du laste den for kvar nettlesar.

PC og Mac

HFK anbefalar Avast for busines. Du finn dette programmet i programvareportalen. Velg PC eller MAC og velg skule i nedtrekksmenyen

Ved å installere klienten, vil IKT-konsulenten ved din skule bli varsla dersom din maskin blir infisert med eit virus eller om klienten er utdatert. IKT-konsulenten kan då køyre oppdatering av programvaren, skanning etter virus og/eller sette skadeleg programvare i karantene.

Dersom du ynskjer å bruke denne programvaren, råder vi til at du gir maskinen din eit namn som tilsvarer ditt brukarnavn i It’s Learning.

For Win8, gå til «kontrollpanel» og vel deretter «system» og «avanserte systeminnstillinger». Klikk på «datamaskinnavn» og klikk «endre» for å gi datamaskinen eit nytt namn eller endre domene eller arbeidsgruppe. Skriv inn ditt brukarnamn i It’s Learning og klikk «OK». Sjå evt. Video under.

Nettbasert antivirus

HerdProtect antivirusprogram som nyttar over 60 antivirusleverandører som skannar maskina. Me råder til at ein brukar denne ein gong pr mnd i tillegg til antivirus som er installert på maskina.

Optimalisere

For å sikre at maskina er stabil utan skadelege program, anbefaler ein å rydde og optimalisere ein gong pr mnd. Bruk denne listapunkt for punktliste på fjerning av uønska og skadeleg programmvare eller vedlikehald av datamaskin

Slik kan du få skadeleg programvare på datamaskinen:

  • ved å opne e-postvedlegg som inneheld den skadelege programvaren
  • ved å starte eit program som er infisert av eit virus
  • ved å surfe på nettsider som inneheld skadeleg programvare
  • ved å motta filer frå ukjende når du deltek i chat og sosiale medier
  • ved å laste ned filer gjennom nettverk for fildeling
  • Nedlasting av programvarer

Problem med treig PC

Ta kontakt med skulen og IKT-konsulenten når det er noko som ikkje fungerer som det skal, og hugs å ta kopi av filene dine dersom PC-en må installerast på nytt. Du kan få låne-PC dersom PC-en må sendast inn til reparasjon. Prøv også desse vedlikehaldstipsa fyrst.

Les meir:

http://www.nettvett.no/

Hald datamaskinen oppdatert

Alle elev-PCar med gamal PC-ordning, skal ha installert Symantec Endpoint Protection. Ikkje installer andre antivirusprogram. Tenk over korleis du nyttar Internett. Sjekk òg om du har siste versjon av operativsystemet på http://www.update.microsoft.com

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?