Skylagringstenester

Skylagring vil seie at filene dine er lagra på nett, og er dermed tilgjengeleg overalt. Tenestene frå Google og Microsoft: Gskole og 365, let deg opprette og lagre dokument rett i skyene uten at ein treng å lagre filer lokalt på eiga maskin, og ein kan logge på frå ulike einingar og stadar for å lese og arbeide vidare med dokumenta. Sjå video frå NDLA under

Om ein ynskjer at dei filene du har på eiga maskin, skal vere tilgjengeleg frå kvar som helst, kan ein nytte eit synkroniseringsverktøy. Dette gjer at du kan få tilgong til filene dine frå flere maskiner, og du slepp å miste dokument dersom du misser ei maskin eller må formatere harddisken. I tillegg har mange i dag fleire pc-ar, og ønsker gjerne tilgong til filene frå fleire «dingsar». Dersom du t.d. får ei ny maskin, treng du berre å installere lagringstenesta du har valt å nytte, og så vil alle dine gamle filer verte kopiert over.

Ver observang på at du må ha internett med god bandbredde for å synkroisere dataene. I tillegg må du ver sikker på at mapper som du deler filer på med andre ikkje blir sletta. Då kan du missa dokument for godt utan å oppdage det.

Det finnes mange gode tenester for lagring og backup i «skyen». Her er dei mest kjende

OneDrive

OneDrive er skylagringstenesta til Office 365, ein lagringsstad for dokument, bilete, musikk eller andre filer du vil ha tilgong til frå ulike  datamaskiner, nettbrett eller smarttelefonar. Elevar og lærarar i HFK har tilgang til dette med sin iskole-konto. Med OneDrive kan du:

  • Enkelt åpne og skrive ut dokumentene dine fra biblioteket eller datalaben på skolen.
  • Opprette hurtigkoblinger til filene dine, slik at du umiddelbart kan dele arbeidet ditt og andre dokumenter med andre.
  • Holde filene dine organisert i OneDrive med mapper og undermapper, på samme måte som på en datamaskin

Google Drive

Med din @gskole.no-konto, har du ubegrensa med lagringskapasitet på Google Disk.

Del enkeltfiler eller heile mapper med f.eks lærar eller heile gruppa di. Utveksle nye ideer med gruppa, og administrar prosjekter sammen meir effektivt, med nettdiskusjoner om alle filer.

Google sin effektive søkefunksjon kan nyttast til raskt å finne det du leiter etter. Du kan søkja med søkeord og filtre for å finna alle typer filer – òg bilder med tekst.

Sjølv om du skulle miste maskina di eller ho blir stolen, eller ho blir ødelagt, er filene sikkerhetskopiert i Google si nettsky, Disk.

Synkronisering med Google disk (drive på engelsk)

Du kan installere eit tilleggsprogram frå Google som gjer du kan synkronisere google-dokumenta dine til harddisken på pc-en, akkurat som med bruk av Dropbox. Du laster ned programvare frå denne sida. Sjå video under for framgangsmåte. MERK: Om du har fleire Google-kontoar, bør du unngå synkronisering.

Dersom du lagrer stora datamengder må du stille inn kva mapper som skal synkroniserast. Dersom du vil samskrive og samhandle på dokumentet må du bruke web grensesnittet på google disk. Som du finn under GAFE

Denne videoen kan hjelpe deg å feilsøke dersom du ikkje får synkroniseringa til å virke (video).

Dropbox

Dropbox er eit arkiv på nettet. Dokument og filer du jobber med, kan du lagre i Dropbox og seinare åpne frå ein annan PC, nettbrett eller smartmobil.

Dette er ein enklere måte å dele dokument på enn å sende dei via e-post. Du må installere eit lite tillegg på maskinen. Dette laster du ned frå Dropbox.

Speleliste Dropbox YouTube:

Installer programmet

Det er enkelt å laste ned og installere programmet. Følg instruksjonen, og skriv inn brukarnamn og passord. Mappen «My Dropbox» blir no lagra i «Mine dokumenter» på PC-en din, og du kan ha ein snarvei på skrivebordet og på oppgavelinja.

Dropbox er gratis for inntil 2 GB lagringsplass. Du kan få meir plass dersom du betaler for det. Du kan òg få meir lagringsplass ved å verva andre eller å oppgi sosiale medium du nyttar.

  1. Klikk Dropbox-ikonet på oppgavelinja, og velg «Open Dropbox Folder».
  2. Lagre dokument (filer) i mappa «My Dropbox».
  3. Du kan og laste ned programvare på PC, så får du tilgang til dropboxmappa i favoritter, rett ovanfor skrivebord.

Du kan lagre alle filtyper, som tekst, filmer, lyd, programmer og så vidare.

Kva er fordelene med Dropbox?

  • Du treng ikkje sende dokumenter med e-post eller ta dei med deg rundt på en minnepinne.
  • Du kan gi andre tilgong til arkivet ditt eller deler av det (mapper).
  • Kvar gang du gjer ei endring i ei fil og lagrer i Dropbox, blir det laga det ein ny versjon av filen. Alle versjoner av filen blir lagra, og du har tilgong til alle versjonane.
  • Dei ulike versjonene kan hentast fram når du vil sjå kva for endringea som er gjort.
  • Du kan òg lasta ned Dropbox frå google play eller I-tunes. Då vil du kunna få synkronisert filene dine med andre enheiter og du har dei tilgjengeleg over allt.
  • Med innstallert Dropbox på smarttelefonen (android eller I-phone) kan du styre automatisk synkronisering av fotografier. Tar du eit fotografi og du har tilgang til trådlaust nettverk (mobilt nettvverk kan kosta pengar), vil du etter nokre minutt få tilgang tll det same fotografiet på alle einheitane dine!

Kva er forskjellen på Dropbox og Google Disk?

I Google Disk kan du manuelt laste opp filer du allereide har laga i eit annet program, og arbeide videre med dei direkte i nettleseren. Du kan også lage heilt nye tekstdokument, rekneark, presentasjoner og teikningar. Desse filene kan du redigere i Google Disk, på samme måte som du redigerer dei i Open Office, Microsoft Word, Excel, PowerPoint med meir. Du treng altså ikkje å ha installert kontorstøtteprogrammer på pcen din. Du klarer deg med Google Disk. Dersom du lager eit tekstdokument i Google Disk, kan du laste det ned som Microsoft Word og  arbeide vidare med det lokalt på pcen. Det samme gjeld for rekneark og presentasjonar.

Dropbox er berre ein lagringsstad med synkronisering. Du kan lagre alle typer filer, men du kan ikkje redigere dei med Dropbox. Redigere gjer du som før med eit program du har installert på maskinen din. Etter at filene er redigert, lagrer du dei i «My Dropbox».

Du kan òg dela filer og mapper på omtrent samme måte med Google Disk.

Har du fleire maskiner, kan du synkronisere dei, slik at filer i «My Dropbox» også dukker opp på ein annan maskin du jobbar på. Du må installere Dropbox-tillegget på begge maskinene for at dette skal fungere.


Lær meir

Lagring på nettbrett sjå PC/MAC/BRETT

Test av skylagring

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?