Tigru

Tigru er eit lite program som lèt læraren stenge tilgang til internett. Programmet kan berre startast når du er pålogga HFK sitt nettverk (ad), og verkar berre på Windows, av di maskina må vere meldt inn i domenet.

tigru

Du kan stenge for ein enkeltelev, heile klasser eller grupper av elevar du sjølv kan opprette. Når du har oppretta ei gruppe ligg ho tilgjengeleg for alle lærarar inntil du slettar ho.

Ein kan stenge tilgang på fleire nivå:

  • elæring tyder berre itslearning
  • elæring og epost tyder itslearning og skule-epost
  • Ingen tilgang tyder at alt skal vere sperra

Stenginga er på brukar-nivå, og fungerer uavhengig av om eleven nyttar pc, mac eller nettbrett, så lenge eleven har nytta sin hfk-konto for å logge på hfk-nettverk. (Altså det dei normalt skal gjere…)

Tigru er ikkje vatntett, men fungerar som regel greitt. I dei fleste tilfeller må eleven gjere eit medvetent val for å komme utanom sperringa. Altså veit eleven at han juksar.

I nokre tilfeller vert det problem med å logge på itslearning for å levere oppgåver sjølv om «elæring» er valt. Be eleven prøve ein annan nettlesar.

Her er ein brukarmanual du kan bruke (enkelte funksjonar er tatt bort) Brukermanual TIGRU_V1-jan_2010

Dersom ikkje TIGRU fungerer etter hensikta, ta kontakt med skulens IKT konsulent.


 

 

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?