Facebook i skulen

Elevsamarbeid og undervegsvurdering? Kollegasamarbeid og deling? Betre informasjon ut til skulen og heimane? Facebook kan vere eit effektivt verktøy på fleire plan.

Difor har mange skular teke i bruk Facebook til deling, informasjon og samarbeid lokalt og internasjonalt i klasser, avdelingar, skule/heim osv. Sjå mange tips her. Og: der er eigne appar til alle mobile einingar slik at verktøyet er lett tilgjengeleg.

Funksjonar som kan nyttast pedagogisk er m.a. at ein kan stille spørsmål til alle i ei gruppe eller dele dokument frå DropBox eller videoar frå NRK eller YouTube eller andre digitale tjenester i tillegg til dialogen i kommentarfelta. Meir om dette kan du lese på denne bloggen. Facebook har ei eiga hjelpeside om skulegrupper.

Det er verdt å merke seg at ein ikkje treng å vere venn med elevane eller lærarane for å samarbeide i ei gruppe på Facebook. Ein kan opprette ei lukka gruppe og sende lenken til elevar/lærarar og be dei søke om tilgang. Så kan administratoren for gruppa legge til medlemmar. Ein må framleis tenke på datatryggleik og ikkje dele elevopplysningar. Skeptikarar kan lese Rune Krumsvik sin «gamle» kronikk i fra 2007: Digital danning

Elevane brukar det som fungerer best

Facebook er ein svært effektiv kommunikasjonskanal i og med at over 98% av elevane er der. Derfor er det mykje meir effektivt å legge ut meldingar der enn i ein LMS fordi elevane sjølve nyttar denne tenesta og samarbeider og kommuniserer der.

Facebook til undervegsvurdering

Om læraren er til stades på Facebook i ei gruppe med elevane, har ein muligheit for å gi tilbakemeldingar og dermed gi undervegsvurdering.

Facebook som arena for deling, samarbeid og informasjon i kollegiet

Forskning viser at om ein vil lukkast med skuleutvikling, altså vere ein lærande organisasjon, er det viktig med åpne, gjensidige toveis kommunikasjonskanalar(Johnston, C., & Caldwell, B. 2001):

Og det er her Facebook kjem inn:

Ein tovegs kommunikasjonskanal som i tillegg er transparent, altså åpen for innsyn, og der ein kan ha dialogar om læringsarbeidet, kan være svært nyttig for samarbeid og undervegsvurdering.

Der er skular som nyttar eigne lukka grupper på Facebook systematisk som sin offisielle informasjons- og kommunikasjonskanal for dei tilsette. På denne måten kjem info kjapt ut til alle, ein kan sjå kor mange som har lest innlegget, ein kan kommentere/stille oppfølgingsspørsmål og alle dei andre kan lese det og svara, ein kan diskutere saker og alle kan fylgje den dialogen, rektor kan stille kjappe spørsmål til lærarane i ulike saker og på den måten sjå saker i frå ulike sider, ein kan lett dele innhald som bilder, videoar, nettsider, dokument, og meldingsfunksjonen er like ofte nytta som tradisjonell e-post. Ein treng ikkje vere vener på Facebook, berre medlem av same gruppa for å samarbeide på denne måten. Ei tydeleg leiing med ein klar plan for samhandling er dermed viktig.

Facebook til informasjon mellom skule og heim

Oppdatering av skulane sine heimesider kan ofte vere komplisert og knytta til enkeltpersonar sin funksjon. Ved å opprette ei eiga Facebook-side, kan skulane lettare dele informasjon og ha ein dialog med skulen sine samarbeidspartnarar.

Facebook som PLN: Personleg Læringsnettverk

PLN eller personleg læringsnettverk, er eit nytt omgrep, men mange lærarar og elevar er i dag med i ulike nasjonale og internasjonale grupper på Facebook som fokuserer på fagtema eller IKT: iPad i skolen, Spill i skolen, Musikk i skolen, Stopp mobbing i skolen osv. Desse gruppene kan vere med og utvide kompetansen lokalt og motivere til vidare utvikling.

Alternativ til Facebook

Facebook har vorte effektiv fordi så mange av oss alt er der og dermed ligg infrastrukturen der som firefelts digitale motorvegar. Ein kan knyte kontakter nærmt og fjernt, og dermed kan det brukast på fleire felt. Itslearning har lenge varsla betre kommunikasjonsverktøy, og ei oppdatering er venta på våren ein gong. Nyleg kom dei med ein mobilapp som betrar informasjonsflyten. Høgskolen i Volda har sjølv gått inn og definert korleis dei vil ha det og jobba systematisk med Google+ og Google Apps for Education som samhandlingsverktøy. Microsoft har kome med samskriving i Office Online og spesielt OneNote kan vere eit godt samarbeidsverktøy og verktøy for undervegsvurdering. Der er mange digitale tjenester(Yammer, Slack, etc) og fleire kjem til, men uansett:

Skulen og læraren må tenke gjennom korleis ein legg til rette for deling og samarbeid samt dialogiske prosessar for undervegsvurdering.

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?