Språk

Ordnett Pluss – Digital ordbok for vidaregåandeelevar i Hordaland.

Alle elevar ved dei vidaregåande skulane i Hordaland kan laste ned og installere den digitale ordboka Ordnett Pluss i programvareportalen. I tillegg kan ein logge på med FEIDE frå mobilen om ein ynskjer det. På nettsidene finn ein ekstraressurser som språkquizer, minigrammatikkar, språkvett og temaplansjar på fleire språk.
Skjermbilde 2016-01-07 kl. 14.48.41

Duolingo – lær språk ved å spele og løyse oppgåver

Duolingo for schools let læraren få opprette klasser og invitere inn elevar med lenke eller via Google Classroom. For dei som lærer norsk, kan ein velje Norwegian:)
duolingo

Morsmål:

Bildetema er ein ressurs som har ei god biletbok med opplesing og ord på over 30 språk i tillegg til bokmål, nynorsk og samisk. Nettsida krev Flash, og på iPad kan nettlesaren Puffin nyttast.

Bildetema har lyd, tekst og bilete på meir enn 30 språk

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Min Vei frå Fagbokforlaget

«Min Vei» frå Fagbokforlaget er eit norskkurs for framandspråklege  i ein eigen læringsportal slik at lærar kan fylgje elevane sin progresjon og kommunisere undervegs. Alle lærarar i Hfk kan få tilgang ved å sende ein e-post til hakon.fanebust@fagbokforlaget.no, men fyrst kan du prøve her.

Skjermbilde 2015-05-13 kl. 13.19.25


Google Translate

Nokre trur at Google Translate berre kan misbrukast, medan andre meiner at den bør brukast for alt det den er verdt. Som ordbok har tenesta vorte svært bra og sjekk pila nederst:

Skjermbilde_2015-05-13_kl__11_17_51

Når ein klikkar på pila nederst, kjem det fram ei oversikt over synonym:

Skjermbilde 2015-05-13 kl. 11.20.12

Men merk at dette berre er i fullversjonnettlesar, ikkje på mobiltelefon.

Les òg om iPad i språkfag

 

 

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?