MathType

Som elev og tilsett i HFK har du tilgong på lisens til MathType, eit program for å skrive matematiske uttrykk digitalt. Dette programmet kan du nytte i kombinasjon med alt du kan tenkje deg av program, nettsider og anna. Lisenskode får du frå læraren din. Realfagslærarar finn koden på itslearningfaget «HFK – FAGGRUPPE – realfag» i mappa Matematikk – digitale hjelpemiddel – MathType.  Programmet lastar du ned frå denne nettsida. Du får 30 dagars prøvelisens, og så må du leggje inn lisenskode etter det. Dersom du ikkje legg inn lisenskode, kan du fortsette å nytte ein fornenkla versjon av programmet (dette er kan hende tilstrekkjeleg for nokon).

Nettsidene til produsenten, Design Science, har forklaringer på korleis du gjer dei rette innstillingene i samband med det programmet eller nettsidene du ønskjer å setje inn uttrykket på. Søk i menyen på denne sida etter det du er ute etter.

MathType er tilgjengeleg for både Windows og Mac.

 

 

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?