Samskriving

samskriving

Dersom du skal samarbeide med kolleger, eller du skal ha gruppearbeid med medelevar, er det greit å nytte eit verktøy der fleire kan bidra på samme stad. Her er ei liste over nokre du kan utforske:

Google-dokumenter og samskriving – LENKE 

Lenke til sider der du kan lære meir om Google-verktøy: Googleverktøy

samskrive.ndla.no

Særs enkelt verktøy utan særleg anna enn rein tekst og eit chat-felt. Desse er ikkje søkbare på nett, det er viktig å ta vare på nettadressa til kvart enkelt dokument som opprettast. Verktøyet er tidvis noko ustabilt, og ein bør kanskje ikkje vere for mange innpå samstundes. Krevjer inga innlogging.

Her finn du litt meir informasjon: NDLA samskriving

Lenke til verktøyet: http://samskrive.ndla.no

OneNote

Særs godt til samarbeid, men ikkje til samskriving. Dersom fleire skriv på same plass i teksten samstundes, vert det synkroniserings-konflikt. Dersom ein skal bidra i same dokument på forskjellig tid er det heilt glimrande.

Lenke til sider der du kan lære meir om OneNote: OneNote

Evernote

Er mykje lik som OneNote. Virkar svært godt på alle plattformar, BYOD. Kan dela notatblokk med andre og legge filer som bilder eller dokument som synkroniserast. Sjå meir om Evernote her: Evernote

Tankekart

Det finnest fleire verktøy ein kan nytte til samarbeid-tankekart. Desse finn ein på nett.

Her finn du litt meir om å nytte tankekart, og tips til verktøy du kan prøve ut: Tankekart

Wiki

Wiki har kan hende gått litt «av moten», men er likevel òg eit verktøy ein kan vurdere når ein skal samarbeide. Ein wiki er ein nettstad som ein kan samanlikne med eit digitalt leksikon. Det finnest fleire gode wiki-verktøy. Dei mest nytta i skulesamanheng er kan hende Wikispaces og Google nettstader.

Blogg

Dersom ein har fleire brukarar med pålogging kan denne brukast som samskriving offentleg på nettet. Sjå i menyen til høgre.

Whiteboard

Har du behov for å samhandle på ei flate kan dette utførast med interaktivt whiteboard

Tilbakemelding

Ditt navn

E-post

Hva ønsker du å fortelle oss?