Digital tavle - pedagogisk bruk av eBeam

Bakgrunn og mål

Auka bruken av digitale tavler i klassen og gje elevane ny innfallsvinklar til å lære stoffet.

I alle klasseromma på skulen vår er det whiteboard-tavler med eBeam. For å auke bruken av desse digitale tavlene vil vi prøve å få alle lærarane til å lage eit lite undervisningsopplegg der dei tek i bruk tavlene. På denne måten får ein demonstrert korleis tavlene kan bli brukt – som \»gode døme\»

Aktiviteter i prosjektet

Erfaringer underveis

Ein video med døme på tre opplegg der digitale tavler vert brukt

Det kan virke som ein lov at ingen læringsprosjekt skal kunne gjennomførast utan tekniske utfordringar. Med ebeam er det ei stor utfordring at programvaren plutselig \\\\\\\»fryser\\\\\\\». E-Beampennen sluttar rett og slett å fungere heilt plutselig. På sjølve PCen (ved bruk av peikeflate og tastatur) kan ein flytte på markøren og endre på ting, men eBeam-pennen fungerer ikkje og då er den digitale tavla ubrukeleg. Problemet er tatt opp med leverandøren Osnes og med eBeam sentralt i USA. Begge seier at det ein må gjere er å oppgradere/reinstallere firmware. Dette er gjort på tavlene, og resultatet vart noko betre, men ein del lærarar opplever framleis at eBeam-pennen \\\\\\\»frys\\\\\\\». Dette er utruleg frustrerande og øydleggjande som undervisningsøkta. Ein mister tråden og elevane mister fokus (start å kikke på mobilane, prate osb.). Ved å lukke programmet, og trekke ut USB-kontakten til eBeam kan ein få den digitale tavla opp og gå igjen etter 5-10 min, men berre for å oppleve ein ny \\\\\\\»frys\\\\\\\» litt seinare i undervisningsøkta igjen.

Nokre opplevde også at eBeam-programmet ikkje lot seg installere utan registering på eBEam sine nettsider i tillegg til at programmet krevde ein kode som ingen fant ut kva eigentleg var.

Oppsummering og veien vidare

Alle lærarar på skulen skulle i utgangpunktet ha brukt eBeam i løpet av ei undervisningsøkt innan 14.01.14. Like fullt var det mange lærarar som ikkje hadde gjennomført opplegget som dei skulle innanfor fristen. Tilbakemeldingane til desse lærarane var gjerne at dei enno ikkje hadde hatt eit tema i faget som passa med det å ta i bruk eBeam. Oppfatning blant dei fleste lærarane er nok at eBeam er noko som først kan brukast i samanhengar som er annleis enn dei vanlege undervisningsøktene. Eit døme er at ein har leita gjennom bilet/figur-arkivet til eBeam og funne ein teikning eller flash-simulering som kan passe til eit av temaene til faget som ein underviser i. Dermed tek ein ikkje e-Beam i bruk før ein har kome til dette temaet i årsplanen. Bruken av digitale tavler vert oppfatta som noko som skal gje meirverdi eller anna vinkling på faget i forhold til den vanlege undervisninga, visst ikkje er det ikkje noko poeng i å styre på med å kople seg opp med den digitale tavla og starte opp eBeam-programmet.

Blant dei som hadde tatt eBeam i bruk var dei fleste tilbakemeldingane at den digitale tavla var med på å fanga interessa blant elevane. Elevane likte å kunne kome opp på tavla å gjere ting med pennen (i mange tilfelle var det snakk om å berre å skrive/markere ting, på same vis som ein kan gjere med ein whiteboard-pen). Kor vidt det utelukkande hadde å gjere med at dei digitale tavlene representerte noko nyt, eller om det var den elevane sin interaktivitet med den digitale tavla som gjorde dei meir engasjerte er noko usikkert. Dei fleste lærarane var positive til gjennomføringa, og uttrykte at dei godt kunne tenke seg å bruke bruke eBeam igjen. Nokre var litt meir lunkne, og uttrykte eit \»kanskje\» til å ta det i bruk igjen.

Dei fleste lærarane hadde lagra det som var blitt gjort på tavla under økta med eBeam, for deretter å leggje det ut på It\’s Learning. Det er ikkje blitt undersøkt om elevane opplever at dette gjev betre læring (at dei har høve til å sjå gjennom \»tavlenotatene\» i etterkant).

Konklusjonen må vera at brorparten opplvede bruken av tavlene som positivt ved å engasjere elevane til å gjere ting på tavla (meir involvering av elevane). Enkelte av desse som i utgangspunktet var positive til oppleving, har òg brukt det i ettekant, men dette gjeld ikkje alle. Noko av grunnen kan vera at det framleis er ein teknologisk hindring (det er eit ekstra steg i undervisningsførebuingane og -gjennomføringa å setje igang med eBeam) og fordi ein tek utgangpunkt i at det er noko ved faget som må passe i forhold til det å ta i bruk eBeam.