Windows 8-nettbrett trådlaust til prosjektor

Bakgrunn og mål

Betre klassleiing og auka interaktivitet med elevane i klasserommet.

Meir utfyllande:

Det kan vera vanskeleg å ha god klasseleiing når ein skal gå gjennom noko på tavla, særleg når elevane må bruke PCar samstundes (dei skal til dømes lære seg å bruke eit IKT-verktøy).  For at lærarane skal ha godt oppsyn med progresjonen til elevane, altså at dei verkeleg får med seg det som vert gjennomgått på tavla og ikkje driv med andre ting på PCen, kan  det vera til hjelp om læraren kan vandre rundt i klassen medan vedkomande går gjennom stoffet på tavla.

Dette kan løysast om læraeen har ei datamaskin som er mobil / lett å ta med rundt i klassen, slik som til dømes eit Windows 8 nettbrett. I tillegg må dette nettbrettet kunne kople seg trådlaust opp mot prosjektorane. Då alle prosjektorane i klasseromma våre er Epson-maskiner, kan vi nytte oss av løysinga som dei har utvikla som baserer seg på at ein kan bruke PCen si WiFI-kanal

Aktiviteter i prosjektet

Erfaringer underveis

Det har synt seg vanskeleg å få motivert alle dei 5 lærarane til verkeleg å ta nettbrettet i bruk i undervsininga si. Dette til trass for at dei fleste involverte var svært engasjerte då dei vart spurt om å vera med i prosjektet.

Det er nok fleire grunnar til engasjementet har falle i løpet av prosjektet. Det har vore ein del tekniske problem med den trådlause prosjektorløysinga (Epson sine Elpap-donglar). Ein del av lærarane tok nettbretta i bruk i  slutten av skuleåret 2012/2013. Før sommarferien fungerte nettbretta rimeleg greit, men då alle maskinene vart meldt inn i \\\»Ansatte\\\»-domene ved skulestart 2013/14 var det ikkje lenger mogleg å få kontakt med Epson-donglane. Dermed måtte alle maskinene meldast ut av dette domenet ved at operativsystemet måtte installerast på ny. Alle dei 5 lærarane mista dermed innstillingane og appane som dei hadde installert og dette tok nok luven av brorparten.

Betre vart det ikkje då ein oppdaga at oppdateringa til 8.1 også førte til at det vart uråd å finne Epson-prosjektorane på WiFi-bandet. Dermed måtte operativsystemet reinstallerast på nytt attande til Win 8.0., noko som igjen førte til at alle programvare, driverar og appar måtte installerast på ny.

Prosjektleiaren er vel den einaste som har klart å halde motet oppe og som kan seieast å ha eit visst grunnlag til evalueringa så langt:

Ved gjennomgang av presentasjonar vert det mogleg å vandre rundt i undervisningslokalet. Dermed får ein òg betre med seg kva aktivitetar som føregår (slik som mobiltelefonar under pulten). Dette gjer klasseleiinga noko betre. Når elevane arbeider opplever ein òg å få betre innsyn i kva dei held på med og kan gje tilbakemeldingar. Dette skjer til dømes ved at eleven skriv i Google docs, og læraren dermed kan lese på nettbrettet det eleven skriv (så lenge eleven har delt dokumentet). Denne moglegheten til å lese eleven sitt arbeid (utan å måtte henge over skuldera hans for å sjå kva som vert skrive på laptopen) gjev betre moglegheiter til å kome med tilbakemeldingar, både i dokumentet og munnlege rett til eleven. Kontakten mellom lærar og elev vert altså betre ved at læraren kan stå nær eleven og lese kva han arbeider med.

Til dette prosjektet vart det kjøpt inn to stk. Dell Latitude 10,1 og tre stk. Hp Touchpad 10. Erfaringane har synt at det er heilt essentiselt at desse nettbretta har USB-kontakt. Billegare iPads eller Android nettbrett utan USB hadde gjort det uråd å bruke Epson-løysinga. USB er i tillegg svært anvendeleg når ein skal installere diverse program frå CDar eller anna hardware. Anbefalt!!

Diverre er prosessorkrafta på slike nettbretta litt for spe framleis. Dette viser seg mellom anna ved at bretta har problem med å streame video frå Youtube og samstundes sende bileta til Epson-prosjektoren. Videoen som vert vist på prosjektoren begynner å hakke (medan den ser heilt OK på nettbrettet).

Den manglande prosessorkrafta gjer det òg vanskeleg å bruke tunge program som Phostoshop (iallfall i CS6-versjon, men CS3 går bra). Adobe illustrator går for så vidt bra prosessormessig, men diverre er dei medfølgjande pennane for unøyaktige til å kunne bruke dei mest vesentlege verktøya i Illustrator.

Så langt må diverre prosjektet seiast å vera relativt lite velukka, sjølv om ein ser enkelte positive sider som nettbretta kan ha for klasseleiinga og interaksjonen med elevane.

Oppsummering og veien vidare

Då leiar for nettbrettprosjektet her ved Etne vgs går ut i permisjon, må sluttevaluering skrivast noko tidlegare enn det som var planen.

Som nemnd over møtte diverre prosjektet litt for mange tekniske hinder til at alle dei 5 lærarane som var knytt til prosjektet klarte å kome over den teknologiske terskelen som ofte er til stades når ny IKT-løysingar skal takast i bruk. Eller sagt på ein anna måte, det var ikkje mogleg å halde motivasjonen deira til stades til å vera med å gjennomføre heile prosjektet når dei møtte så mange teknologiske utfordringar.

Av dei som klarte å kome i gang i den første perioden (før ein stadig møtte nye teknologiske utformdringar), er tilbakemeldingane at bruken av nettbrette i undervisninga gjer læraren meir mobil i klasserommet, særleg ved gjennomgang av teoretisk stoff på tavla/prosjektor.  Det at læraren kom fysisk nærare elevane ved denne typen gjennomgang, gjer dei noko meir merksame på læraren sin tilstadesverande.  Litt vanskeleg å seie om dette også gjer dei meir merksame omkring sjølve lærestoffet som vert gjennomgått, men som lærar opplevde ein gjerne at elevane vart meir villige (pressa?) til å svare på spørsmåla ved at læraren stod fysisk nærmare dei når spørsmålet vart stilt.

I noko grad fekk ein som lærar òg meir kontroll med kva elevane heldt på med på PC-skjermen når stoffet vart gjennomgått på tavla/prosjektor (Dette er særleg aktuelt i situasjonar der elevane bruke PC som ein del av gjennomgangen – jf. gjennomgangar i bruk av GeoGebra, Adobe program og liknande). Det er ikkje dermed sagt at alle elevane klarte å unngå å gå på nettsider som ikkje hadde med faget å gjere (når læraren står langt bak i klasserommet og faktisk kan registrere kva dei held på med), men på denne måten kunne læraren bevege seg i retning mot dei elevane som brukte PCen \»feil\», og dermed vart desse elevane merksame på at lærar no hadde merka seg at dei ikkje brukar PCen til det dei skulle. På denne måten får læraren ei betre oversikt/prov når det gjeld å kunne setje korrekte merknader. Det gjer òg nokre av elevane meir \»nervøse\» i den for stand at dei stadig speidar rundt seg kvar læraren står.

Ein annan positiv effekt som vart opplevd av den læraren som fekk brukte nettbrettet mest i klassen, var at ein fekk betre \»konktakt\» med eleven når dei skreiv på lengre tekstar, slik som sluttrapportar ved større prosjekt. For å få innblikk i kva elevane skriv og såleis kunne rettleie dei mot det som er viktig at dei får med i rapporten, må ein til vanleg stå bak skuldera deira og å lese på skjermen deira kva dei skriv. Ein del elevar seier at dette gjer dei ukonsentrerte (det at nokon står rett bak dei når dei skriv). Ei løysing her er å få elevane til å dele dokumentet dei skriv på med læraren (t.d ved bruk av Google docs). Men erfaringane med med bruk av samskrivingsdokumet, er at elevane ikkje tek læraren sine kommentar i margen til etterretning. Dei rett og slett overser dei fleste av merknadane som vert gjeve. Når læraren derimot kan stå ved sida av eleven og lese det dei skriv, medan ein kan gje munnlege tilbakemlding til dei medan ein har blikkkontakt med elevane, førde dette i langt større grad at elevane følgde opp læraren sine kommentarar og spørmål til teksten. Som ein av elevane sa i timen: \»Dette er jo genialt\».

Å ta i bruk nettbrett i undervisninga representerer noko nytt i form av at lærarar vert meir mobile ved gjennomgangan av stoff på tavla og opnar for andre kontaktflatar mellom lærar og elevar i timen. I dette prosjektet såg ein sporer til det postive som bruken av nettbrett kan føre med seg. Diverre møtte prosjektet for mange teknologiske hinder til å bli gjennomført til fulle. Dette betyr ikkje nettbretta lenger er i bruk i undervisninga, mellom anna brukar læraren i idrettsfag i dag nettbretta til å filme øvingane til elevane som deretter kan sjå seg videoen av seg sjølv umiddelbart etterpå på nettbrettet. Etter kvart som teknologien med nettbrett vert meir utbreidd og etablert, vil ein mogleg sjå fleire av dei positive utslaga som nettbrett kan ha for den pedagogiske gjennomføringa av undervisningsopplegg.