Pedagogisk bruk av digitale tavler

Bakgrunn og mål

Me har det siste året hatt fokus på \»Den gode læringsøkta\». Dessutan er \»Bruk av IKT i lærings- og utviklingsarbeidet\» er òg eit viktig punkt i utviklingsplanen vår. Me har kjøpt whiteboard med eBeam til fem av klasseromma våre i haust, og ønskjer no å setja meir fokus på den digitale kvardagen på skulen. Planen er å få på plass fire nye tavler til i løpet av kort tid.

Mål:

  • Byggje opp pedagogisk kompetanse i alle team til å kunne ta i bruk tavlene som ein del av ”den gode læringsøkta” som er skulens hovudutviklingsmål.
  • Auke den digitale grunnkompetansen hos lærarane og elevane som ein grunnleggjande dugleik.
  • Nytte delingskultur på skulen for å lære av kvarandre.
  • Kolreis knytte andre digitale ressursar opp mot tavlene?

Omfang/avgrenisingar

  • Byte til ebeamtavler i alle klasserom
  • Alle lærarane skal i løpet av skuleåret 2014/2015 kunne nytte tavlene som eit pedagogisk verkemiddel.
  • Nytte kompetanse i regionen i startfasen. Nytte IKT-personell frå KVV som kurshaldarar ein dag i sept./okt.

Aktiviteter i prosjektet

AktivitetErfaringerFra mnd.Til mnd.
Kartlegging av innkjøpsbehov 23.09.2014 23.09.2014
Bestilling av utstyr 25.08.2014 30.09.2014
Kursing av prosjektleiing + pilotlærarar 30.09.2014 30.11.2014
Kurs/workshop i mindre grupper/team 30.09.2014 31.01.2015
Deling av pedagogiske und.opplegg 01.12.2014 28.02.2015
Knytte ”den gode læringsøkta” opp mot bruk av digitale tavler 01.02.2015 30.04.2015
Evaluering av prosjektet, avslutning eller vidareføring 01.05.2015 17.07.2015

Erfaringer underveis

03.02.15:
Ting tar tid, og interessa for å ta verktøyet i bruk er ikkje overveldande. Søknaden kom i retur frå Opplæringsavdelinga (22.09.14) med krav om å ta med pedagogiske målsettingar i dokumentet. Elles er det gjerne aktuelt å sjå på samspelet mellom elektronisk tavle og t.d. brett, der elevane kan visa sitt arbeide rett på tavla (Collaborate).

Det er no montert whiteboard med eBeam i alle rom (14 stk), og det ser ut til å fungere tilfredsstillande dei fleste plassar, bortsett frå feil på HDMI-inngang på ein projektor.

Me har hatt tre økter med opplæring i bruk av utstyret, men dette har vore på tidspunkt der store deler av kollegiet har vore opptatt med undervisning eller andre ting.