Om skulen

Fitjar vidaregåande skule er ein skule med lange tradisjonar heilt tilbake til 1877 då Fylkesskulen starta, og seinare med Husmorskule frå 1933. I 2008 feira skulen 75-årsjubileum. Skulen har eit stort, fint hageanlegg.

Hausten 1999 kunne vi ta i bruk eit heilt nytt tilbygg. Her er nye kjøkkenavdelingar, garderobar, kantine, naturfagrom og andre klasserom.

Det er også gjort omfattande ombygging og modernisering av skulen.

Rett attmed skulen ligg idrettshallen, der elevane har kroppsøving. Skulen leiger også klasserom her. Fitjar Folkebibliotek held til same bygget.

Her er nokre bilete av skulen:

skulen-06 skulen - vinter

skulen - vår skulen - vår-2