75-års jubileum

skulen - gamalt bildeDen 20. januar 2008 var det 75 år sidan Fitjar vidaregåande skule starta opp på Fitjar. Namnet på skulen den gongen var Hordaland Husmorskule Fitjar.

I ”Dagbok for Fitjar Husmorskule” kan ein lese at det var 13 elevar som møtte fram den 20. januar 1933. Det var ikkje vanleg undervisning denne dagen, men nokre elevar laga mat og nokre sydde gardiner og klutar. Til middag hadde dei sagomjølksuppe, seibiff og poteter.  Laurdag 21. jan kom det 5 elevar til og undervisninga starta denne dagen med forevising av ”alm. uppvask, skuring av tretøy, bord, benker og vaskar, og vasking av klutar og kostar.”

Det var i alt 20 elevar som var teken inn til det 1. kurset  på Fitjar Husmorskule og 4 var varamenn. Grunnen til at ikkje alle møtte, var sjukdom, men kullet hadde tilsaman 20 elevar.

Elevane kom frå Fitjar, Eidfjord, Fjell, Austrheim, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Samnanger, Stord, Tysnes, Os, Røldal, Ølen, Bjoa, Fusa, Strandebarm og Fjellberg.

Kurset vart avslutta 20. juni.

Styrar var Ingeborg Halse, og ho skriv om det første kullet at ”helsa var stort sett god heile kurset, ingen smittesjukdomar”. Elevane fekk vitnemål for dugleik og framgang i arbeidet, orden og framferd. To elevar hadde Sg (særs godt) i orden, medan 18 elevar hadde Sg i framferd.