Bruk av hybrid pc som lærarverktøy

Bakgrunn og mål

  1. Omfang / avgrensing
    Prosjektet skal gå i inneverande skuleår. Vi ynskjer å teste ut ulike hybridmaskiner som lærarverktøy, først og fremst til å lage skjermvideoar og til retting ved hjelp av touchpen-teknologi. Prosjektet vil omfatte faga matematikk, naturfag og norsk i Vg1.
  1. Målsettingar (pedagogiske mål)

Ein hybrid-pc er godt eigna til å lage skjermvideoar, og er utstyrt for å bruke touchpen-teknologi. Skjermvideoar brukar ein i omvendt undervisning («flipped classroom») til å filme gjennomgang av eit stoff. Ein kan også bruke slike videoar til å gje tilbakemelding på elevarbeid.

 

Touchpen-teknologien er etter kvart så god at den elektroniske pennen kan erstatte vanleg penn/blyant. Det å ha ein maskin der ein kan skrive rett på skjermen opnar mange mulegheiter for læraren. Vi ser at dette kan gjere det enklare for matematikk- og realfaglærarar å t.d.lage løysingsforslag til prøvar og oppgåver, og i tillegg vil det å kunne rette med touchpen gjere vurderingsarbeidet både raskare og lettare.

 

Pedagogiske målsetnader i prosjektet vil difor vere knytte både til vurdering for læring og tilpassa opplæring. Ved betre tilpassa opplæring vil fleire elevar kunne oppleve høgare måloppnåing i faga. Ei forenkling og effektivisering av sjølve rettearbeidet vil frigjere tid for lærarane til meir elevretta arbeid.

Aktiviteter i prosjektet

AktivitetErfaringerFra mnd.Til mnd.
Kjøpe ustyr 01.09.2014
Planlegge/ konkretisere 01.10.2014
Lære verktøyet 01.11.2014
Gjennomføre 30.06.2015
Evaluere/justere 31.01.2015
Dele med andre 31.05.2015
Rapportere 31.05.2015

Erfaringer underveis

Erfaringer deles underveis i egen onenote mappe, endelig konklusjon, og rapport, vil føres inn i slutten av mai 2015