Retting med iPad

Bakgrunn og mål

Å rette på maskin tar svært lang tid. Med iPad kan ein rette med penn på skjermen, og dette går mykje fortare for dei fleste. Målet er at alle framandspråklærarane skal ta i bruk dette til alle skriftlege vurderingar. Meir systematisk tilbakemelding til elevane, og raskare vurdering og tilbakemelding.

 

Evaluering i juni 2015

Etter fyrste år med iPad-retting sit deltakarane att med veldig ulike erfaringar.

Dei av oss som kom raskt i gang med iPad-rettinga, synest retting i iAnnotate både er tidsbesparande og enkelt. Appen er i stadig utvikling, fungerer godt og elevane synest det er greitt å få tilbakemelding på denne måten. Nokre gonger har det vore eit problem for elevane å få fram alle stempla/kommentarane/lydfilene på deira eigen maskin (dette gjeld særskild på Mac). Ei av løysingane på dette problemet er at elevane lastar ned Adobe Reader, medan me strevar litt med Mac. Håpar å finne ei løysing på dette snart.

Å setje inn lydfiler er ein av mogelegheitene appen tilbyr, dette er særskild nyttig og elevane skryt av det (dei vil jo aller helst få munnlege tilbakemeldingar). Me har også brukt iPaden til anna type vurderingsarbeid. T.d. har me brukt den til å filme elevane når dei har munnlege presentasjonar. For læraren sin del vert vurderingssituasjonen mindre stressande, då ein kan vurdere eleven i ro og mak ved å sjå på filmen seinare (og så mange gonger ein vil). For eleven sin del kan det vere nyttig å sjå seg sjølve halde ein presentasjon («Oi, kva gjer eg med armane mine? Er eg verkeleg så bunden av manus?» ). Leiinga på FYV kom også raskt på banen og kjøpte inn iPad-stativ som me kan bruke til dette.

For nokre av deltakarane har iAnnotate vore vanskeleg og tidkrevjande, særskild når alternativet er å rette på papir. Me vil difor starte på ny frisk med eit oppfriskingskurs tidleg neste skuleår. Me skal også ha fleire små delmål og undervegsevalueringar, samt setje av meir av seksjonstida til dette. Forhåpentlegvis vil alle deltakarane på den måten ha gjort seg ei erfaring, så får me sjå kva som kjem ut av dette til slutt.

Aktiviteter i prosjektet

AktivitetErfaringerFra mnd.Til mnd.
Oppstart iPad 01.05.2014 01.09.2014
Opplæring programvare 01.09.2014 01.10.2014
Oppfriskingskurs 2015-09-01 2015-10-01
Evaluering (delmål) 2015-10-01 2015-11-01
Sluttevaluering 2016-05-01 2016-06-01

Erfaringer underveis

Elevane leverer i 14 pkt skrift og dobbel linjeavstand. Lærar lagrar elevtekstane i dropbox, i ei mappe for kvar klasse. Filene opnar ein i retteprogrammet  iAnnotate. Fila vert då automatisk konvertert til pdf. Me brukar ein spesialpenn til å skrive direkte på skjermen.

I iAnnotate kan ein lage eigendefinerte stempel for vanlege feiltypar, t.d. \»bøy verbet\», \»kjønn på substantiv\», \»concord\» osb., og då går det raskt.