iPodvurdering

Bakgrunn og mål

Mange elevar greier ikkje nyttiggjere seg tilbakemeldingar på munnlege framføringar. Ein får lett fokus på det faglege innhaldet i framføringa, og misser verdifulle tips når det gjeld sjølve framføringsteknikken. Haldning, stemmebruk, blikkføring og tempo er viktig å passe på, men det er ikkje nok å vite dette, det må øvast på. Å sjå seg sjølv på film kan gje verdifulle innspel til korleis ein kan bli betre til munnleg kommunikasjon. Det kan også vere med på å ufarleggjere sjølve framføringssituasjonen, sidan ein er betre budd etter øving.

Erfaringer underveis

Det er lurt å ha nok tid, blokkdag er bra. Fint å arbeide i grupper eller par.

Organisering:

  • Avklare kjenneteikn og tidsbruk
  • Lage framføring og øve sjølv (framføre spegel t.d.)
  • Filme kvarandre i grupper, sjå på filmane etterpå og kommentere kva som kan forbetrast
  • Framføring i klassen med karakter

Oppsummering og veien vidare

Dette har vore prøvd i programfaget psykologi 1 og 2 på Studiespesialisering og i teater i perspektiv på Musikk, dans og drama. I psykologi var det føredrag som var utgangspunktet, medan det i dramafaget var øving på Hamlet-monologar. I psykologi var det grupper på tre, i drama var det pararbeid. Ein god kombinasjon av læring og undervegsvurdering.