Blogg i norskundervisninga

Bakgrunn og mål

Blogg er eit flott skriveverktøy. I fjor hadde vi eitt enkelt prosjekt med blogg, dette året skulle vi bruke bloggen til all skriving i norsken. Målet er å få meir fokus på prosesskriving, eigenvurdering, medelevvurdering og undervegsvurdering. Slik skulle elevane bli meir aktive og deltakande i eigen lære- og skriveprosess.

Erfaringer underveis

Mange tekniske problem skapte store vanskar. Lærar trudde det skulle gå rimeleg knirkefritt å opprette bloggkonto og gmail, men dette stemte ikkje. Ein del tid gjekk til grunnleggjande IKT-opplæring for elevane.

Ei anna erfaring var at det blei svært tidkrevjande å følgje opp alle bloggane.

Oppsummering og veien vidare

Må setje av nok tid til det tekniske, gjerne få inn teknisk bistand frå starten (IKT-konsulenten). Betre eigna til utvalde tekstar eller prosessar. Vekte skrivelysten og gleda hjå einskildelevar.