Komme i gang med 3D-utskrift

Ultimaker 2+ 3D-skrivar
Ultimaker 2+ 3D-skrivar

Læringsprosjektet «Skaparrom» ved Sykehusskolen går sin gang, og etter at tilboda har kome inn, har vi fått bestilt mykje av det vi treng. Og denne veka kom 3D-skrivaren Ultimaker 2+. Vi bestilte den frå 3Dnordic/JapanFoto. Skrivaren, eit verktøysett og fire rullar med filament(plaststoffet som skal smeltast og skrive ut objekta) i ulike fargar. Desse kan også kjøpast på butikken til Japan Foto i Bergen.

Ein skrivar, eit verktøysett og fire filament i ulike fargar
Ein skrivar, eit verktøysett og fire filament i ulike fargar

Fyrst pakka vi ut av kassa. Med skrivaren var der ein rull med sølvgrå filament i PLA. PLA viser seg å vere den typen filament som er minst helsefarleg når det kjem til avgassar, og det er bra for oss som skal halde til på sjukehuset. I tillegg til sjølve skrivaren, kjøpte vi eit verktøysett som visstnok skal vere praktisk å ha for hand når ein driv med slikt. Og til slutt kjøpte vi fire ekstra halvkilos rullar med filament i ulike fargar, dei ligg på rundt 500,-kr  for pakken.

 

Eit lettfatteleg kom-i-gang-ark råda oss til å laste ned ein eigen app. Denne viste seg å ha steg-for-steg-instruksjonsvideoar som var fine å fylgje, men eit godt råd: sjå alltid på neste råd før du utfører rådet før:) Eller last ned den norske brukarrettleiinga, den er mykje grundigare. Installeringa gjekk veldig greitt, men vi støtte på problem når vi skulle ta ei prøveutskrift. Eigentleg konkluderte vi kjapt at det var bra å møte motstand, for då vart vi nøydde å setje oss ekstra godt inn i materien:) Det viste seg at skrivaren var litt nøye med korleis ein fekk materialet inn, samt at det var litt uklart korleis sjølve kalibreringa av glasplata skulle gjerast. Fyrst skal ein justere med hjulet(1mm klaring mellom dysen og glaset på alle tre hjørna), deretter skal justeringa gjerast manuelt med dei tre metallskruane ved at ein nyttar eit kort som skal lugge når det er mellom dysa og glaset. Då denne forståelsen var på plass, samt at glasplata var gjort grundig rein(ikkje naudsynt med limstift med PLA), sette vi igang og førti minutt seinare: ein flott UltimakerRobot.

Vår fyrste 3D-utskrift: UltimakerRoboten som ligg lagra på SD-kortet som kom med skrivaren.
Vår fyrste 3D-utskrift: UltimakerRoboten som ligg lagra på SD-kortet i som kom med skrivaren i .stl-format.

Ein kan laste ned 3D-programvare til pc eller Mac frå nettsida til produsenten. I tillegg har dei eigne nettsider der ein kan hente inspirasjon og laste ned modellar på Thingiverse. Ei anna nettside som har instruksjonar til ting ein kan lage er Instructables.com. Programvareprodusenten Autodesk har mange gratis appar og nettenester til 3D, skaping og elektronikk. Kanskje er Tinkercad den enklaste for å kome kjapt i gang. Gode gamle Sketchup fungerer bra, men hugs å installere plug-in for å kunne åpne og lagre i .stl-formatet. Eg fann eit mobiltelefondeksel i .stl-format som eg redigerte og graverte inn namnet mitt i. Det vert neste utskrift:)