Kom i gang med koding

<til del 2

I Storbritannia har dei innført koding på pensum heilt ned på barnetrinnet. Dette har gjort at den store utdanningsteknologimessa i London har avspegla dette hjå utstillarane. I januar var det koding av robotar, 3D-utskrift og ulike programmerbare kretskort som dominerte på BETT. No er det avgjort at koding vert prøvevalfag på ungdomsskulane frå hausten av, men som i Storbritannia, er der mange som driv med dette på lavare trinn her i landet.

Programmeringsverktøyet Scratch er eit bra begynnarverktøy for yngre born. Her har dei kopla det saman med MakeyMakey for å styre datamaskinen.
Programmeringsverktøyet Scratch er eit bra begynnarverktøy for yngre born. Her har dei kopla det saman med MakeyMakey for å styre datamaskinen.

«Lær kidsa Koding» er eit nettverk av frivillige som held kurs i koding, og vi ved Sykehusskolen fekk besøk av desse saman med elevar frå Skranevatnet skole. Alle lærarane måtte opprette konto på Scratch. Deretter fekk vi oppgaver der vi skulle lage eit animert interaktivt spel basert på det visuelle programmeringsspråket i Scratch. Litt prøving og feiling måtte til, slik er det no med å vere lærande, men etterkvart klarte alle å lage sitt eige spel. Elevane frå Skranevatnet skole viste oss gode dømer på korleis dei nytta Scratch. Dei hadde bytta ut Powerpoint med Scratch når dei skulle lage presentasjonar. Interaktive og animerte presentasjonar av jernalderen rulla over skjermen og viste oss ny og framtidsretta praksis. I musikk hadde dei laga eit digitalt orkester styrt av Arduino. Møtet med elevane fra Skranevatnet skole var veldig inspirerande og senka terskelen for å gå i gang med koding ved Sykehusskolen. Vi har alt prøvd ut MakeyMakey saman med Scratch, og muligheitene er mange: frå å lage orkester til å styre dataspel eller quizar med kva som helst:)