«Most Likely to Succeed» skoledokumentar

Ved Dei Gode Døma 16 vart det vist ein fantastisk flott skuledokumentar om den amerikanske skulen High Tech High i San Diego. «Most Likely To Succeed» viser korleis dei ved å arbeide tverrfagleg i praktiske prosjekt der dei må samarbeide og skape enten eit byggverk eller eit teaterstykke eller kva det skal vere, bryt ned det 125 år gamle kunstige skillet mellom faga:

Tilstades ved framsyninga var m.a. Stein Ludvigsen som står bak Ludvigsenutvalet sin rapport om «Framtidens skole». Utvalet har peikt på nettopp «utforsking og skaping» som særs viktig framover i skulen.