Utforsking og skaping ved Sykehusskolen

1920482_10152369494011352_8073115161722883495_n
Her skal Sykehusskolen flytte inn seinhaustes 2016

Eg er lærar ved Sykehusskolen ved Haukeland Sjukehus i Bergen, ei avdeling ved Nordahl Grieg vgs. Vi underviser barn og ungdom frå førskulealder til og med vidaregåande, som av ein eller annan grunn er innlagde ved sjukehuset og difor ikkje kan gå på heimeskulen sin. No til hausten skal vi flytte inn i det nye Barne- og Ungdomssjukehuset og ser fram til dei nye muligheitene dette byd på. Vi har over mange år bygd opp kompetanse på keramikk, tresløyd, musikk og andre praktiske- og estetiske fag der elevane har opplevd stor grad av mestring. Dette arbeidet ynskjer vi å vidareutvikle gjennom læringsprosjektet «Skaparrom» som vi gekk støtte frå Opplæringsavdelinga til å setje i gong med no i januar 2016. Ynskjet vårt er at vi ved å ta i bruk ny teknologi og digitale verktøy, kan vidareutvikle, ikkje berre dei praktiske- og estetiske faga, men dei fleste faga i skulen, gjerne med eit tverrfagleg fokus. 3D-skrivarar, koding og elektronikk skal vidareutvikle dei elevprodukta vi alt har kompetanse på og gje lærararne verdifull kompetanse inn i framtida sin skule der utforsking og skaping bør stå sentralt. Eg vil i ein serie innlegg her gå meir i detalj på framdrifta i prosjektet. Innflytting i nybygg vert i november 2016, men alt no har er vi komne godt i gang med planlegging, innkjøp, erfaringsdeling og kursing. Eg har prøvd å setje meg inn i kva som skjer på feltet og har ei oversikt her.