Ipad i Læring

2016-05-12 14.01.41

Når du startar din nye Ipad må du logge på med Apple ID. Om ein heller vil ha utlån av iPad på skulen og administrere desse trådlaust, les meir her.

iPad er eit populært produkt som har eit stabilt og enkelt brukargrensesnitt med eit stort utval av applikasjoner. Der er ikkje venting på oppstart, den verkar med ein gong. Kan egna seg som supplement i undervisning med visualisering, konkretisering, multimedia, musikk, audio, video og foto. Kan nyttast i dei fleste fag på kreative måtar. Apple har eigne sider med eksempel på iPad i undervisninga eller gode råd om iPad i undervisninga. Gjennestad vgs har i fleire år no hatt iPad som hovudverktøy for elevane. Dei har eigen blogg her.

IPad har ikkje same lagringsmetode som ein er vant til på PC eller MAC. Derfor er det større behov for skylagringstenester som Dropbox, Onedrive og Google Drive/Disk.

Treng du LMS for iPad kan Showbie vere eit godt alternativ med eit enkelt grensesnitt for innlevering og vurdering av elevarbeid. iTunes U frå Apple er ei gratis teneste med eigen app der ein kan lage kurs og legge ut ressursar til elevane eller sjå førelesingar frå store universitet i utlandet. Nokre skular nyttar iTunes U som portal for omvendt undervising saman med appen Explain Everything.

Om ein ynskjer å lage eigne digitale bøker, kan ein gjere dette med ein Mac og iBooks Author. Deretter kan elevane jobbe med boka i iBooks. Om du ynskjer å lage eigne interaktive oppgaver kan BookWidgets vere ein måte å gjere det på med ein eigen app for elevane.

Det vil her leggast ut resurser etter kvart som ein får erfaring etter læringsprosjekt Ipad i læringsaktivitet eller erfaringsutveksling i mellom andre som nyttar Ipad i undervisning.

Applikasjonar som ein har positiv erfaring med er Notability

I vurdering norsk og engelsk er iAnnotate blitt nytta

IPad kjem ferdig med mange funksjonar som lettar tilgjengelegheit for dei med ulike vanskar. Siste operativsystem, IOS8, forstår om du snakkar norsk til den. Les meir her.

Legg igjen en kommentar