Meir om Google Apps for Education (GAFE)

gafe2

presentasjon på Dei gode døma

Frå skuleåret 2015 – 2016 får alle elever og tilsette tilgang til GAFE. Du loggar på via www.google.no med hfk sin GAFE konto @gskole.no. Du brukar samme brukarnamnet og passordet som pålogging til t.d. itslearning. Eksempel: Brukranamnet ditt er «hfk2015» : Identitet på GAFE blir då hfk2015@gskole.no

Her er video som viser korleis du loggar på @gskole

Google Apps for Education er på full fart inn i skulane i Noreg, og frå hausten 2015 vil alle elevar og lærarar ved dei vidaregåande skulane i Hordaland ha sin eigen skulekonto med brukarnamn@gskole.no. Fordelen med tenesta er at elevane og lærarane kan samhandle i grupper på same dokument. Elevane i gruppa kan få tilbakemelding medan dei skriv, av t.d. faglærar eller medelevar. Google Apps for Education  er tilgjengeleg  på alle einingar som PC, MAC, nettbrett eller smarttelefonar så sant du er tilknytt internett og har installert appane. Google si app-samling inkluderer ulike skriveverktøy, YouTube, blogg, kalender, videokonferanse og chat m.fl. samt ubegrensa skylagring i Disk.

Apps of EDU gir skulen fulle administratorrettar for alle «Googlekontoane» i organisasjonen. Alle tilsette og elevar får tildelt eigen konto i frå skulens domenenamn. Døme: I domenet gskole.no vil Googlekontoen lagast som brukar@gskole.no for kvar deltakar. Kvar skule bør ha minst to administratorar som t.d. IKT-konsulent og ekoordinator.

Personvernet er ivareteke med at skulen sin organisasjon er registrert med t.d. organisasjonsnummer mm. Dei tilsette og elevar er kun registrert med fornamn og etternamn, tilknytt  skulen i form av brukarnamn. Brukardata i GAFE er eigd av brukarane, og der er ingen reklame som i private Google-kontoar.

Les meir om Google og GAFE

forskjell gafe

 

Innhaldet i Apps er tilnærma likt som privat Google konto, men det er enklare å dele Google dokumenter sidan alle elevar, grupper og tilsette ligg inne og kjem opp når ein skal skrive inn adresser. I tillegg får skulane tilgang til tenesta Classroom der ein får ei god oversikt over elevar og arbeidet deira. Ein kan òg legge til eksterne app-tenester.

For skular er tenesta gratis. Meir om Google Apps  eller i sidemenyen

Legg igjen en kommentar