LMS for Ipad – Classroom

classroom2

Ein iPad har ikkje eit eige filsystem som på ei datamaskin bortsett frå kamerarullen sine bilete og videoar. Bilete og videoar kan lastast opp til ein LMS som itslearning eller til Google Classroom, men andre dokument er tungvint mot itslearning. Ei løysing er at ein kan kopiere tekst og lime den rett inn i teksteditoren i itslearning. Itslearning har nyleg fått støtte for å kunne hente filer frå skylagringstenesten Dropbox.

For å få ein enklare og betre arbeidsflyt i ei klasse der både lærarar og elevar har iPad kan  Google Classroom vera eit godt alternativ. Der har HFK ei datahandsamingsavtale som tek omsyn til elevane sitt personvern.

Skular i HFK har no tilgang til Google Appsog classrom. Classroom fungerer godt på mobile einingar og datamaterialet vert lagra på ein trygg måte. Du kan gratis laste ned applikasjonen for classroom her. Video under

Ipad kan med fordel nyttast til bilde, video og lydopptak av læringssituasjonar. Her finn du meir om å levere inn video eller bilde via classroom. Her er video som viser læraren som lager oppgåve i classroom

Dersom du treng å levere inn bøker laga i BookCreator kan du gjere det med Classrom.

Innlevering eksempel under

Lær meir om classroom her.

Legg igjen en kommentar